Draumen var å fylle Sogndal kulturhus

For to år sidan starta det som eit tilfeldig møte i lunsjen på ein fagkonferanse i Valencia. Denne veka kunne Jan Erik Ølmheim og Eivind Rogne glede seg over eit fullsett kulturhus med den ettertrakta KI-forskaren Sarah Newman på scena.

Rundt 300 personar fann vegen til Sogndal kulturhus på tysdag, der KI-forskaren Sarah Newman hadde eit foredrag om bruk av KI i utdanning. Etterpå var det eit to timars symposium der inviterte personar og samarbeidspartnarar fekk presentere og diskutere ulike  problemstillingar rundt KI saman med Newman.Frå venstre: student Thea Wigum, Sarah Newman, Eivind Rogne og Jan Erik Ølmheim. (foto: Eline Lundervold/HVL).

Tittelen på foredraget Embraciing AI Challendes & Opportunities in Education gjekk i kjernen på mange av utfordringane og spørsmåla innan KI i utdanningsektoren. Perspektiva ho trakk fram var relevant for både studentar og forelesarar, og med eit optimistisk grunnlag. På ein engasjerande måte der enkle illustrasjonar underbygde forskinga, drog Newman publikum gjennom eit 90 minutts innhaldsrikt foredrag. 

Første norgesbesøk

Til dagen jobbar Sarah Newman ved MetaLAB ved Harvard University i Boston. Ho har bakgrunn frå kunstfag og forskar på korleis nye teknologiar inneheld og speglar historiske sosiale og etiske utfordringar. Sarah Neman besøkte Noreg for første gang.

- Fagmiljøet og HVL er både stolt og takksamen for at ho har vald å legge reisa til Sogndal og dele kunnskap med oss, seier Jan Erik Ølmheim og Eivind Rogne

KI og handskrift, hand i hand 

Thea Wigum er 26 år og går siste året på grunnskulelærar 5-10 i heimbygda si Sogndal. Ho skriv masteroppgåve dette året. Tema ho utforskar i masteroppgåva er samanhenger mellom handskrift og matematikkfaget.

- Eg er veldig oppteken av betydninga av handskrift i læringsprosessar, seier Wigum. Læreverktøya i skulen er så digitale og mange elevar taster tall på eit tastatur, framfor med håndskrift som gjer at dei hugsar det betre. 

KI er tidsbesparende på så mange måtar. Vi studentar snakkar mykje om det i kvardagen og deler erfaringar om korleis vi brukar det på ein forsvarleg måte, seier Wigum. - Eg likte godt at Sarah Newman trakk fram dette med juks i foredraget sitt. Ho hadde gode perspektiv på at det er veldig få som bevisst vil jukse. Og for dei få som gjer det, er det andre problem enn KI i seg sjølv. 
GLU student Thea Wigum 26 år (til venstre) fekk møte Sarah Newman etter seminaret. (foto: Eline Lundervold/HVL).

Vi var fleire GLU-studentar i salen og nokon av oss satt med skrekk blanda fryd fordi vi veit kor mykje KI vil påverke studiekvardagen vår, og også arbeidskvaradagen vi møter som lærarar.

– Generasjonen etter oss er meir oppdatert på teknologi, også dei eg skal undervise på barne- og  ungdomstrinnet etterkvart. Eg har lyst til å vere optimistisk og trur elevane vil bli meir kravstore til at vi lærarar lagar gode oppgåver og viser dei verktøya som kan gjere ein forskjell for dei, seier Wigum.Det var både studentar, lærarar, tilsette i fylkeskommune- og kommune, samt fagpersonar og HVL tilsette i salen. (foto: Eline Lundervold/HVL).Sarah Newman oppsummerer sju punkt som er høgst relevant i utdanningsektoren, og som talte til både studentar, fagpersonar og lærarar. (foto: Eline Lundervold/HVL).Eivind Rogne og Jan Erik Ølmheim kunne med god grunn sette seg til rette i storesalen i Sogndal kulturhus. (foto: Eline Lundervold/HVL).

Det var stort engasjement om tematikken og besøket. Kanskje besøket i Sogndal gav Sarah Newman inspirasjon til fleire noregsbesøk i framtida?