Seks millionar til styrking av fotballjenter i favelaen og rein energi-teknologi i India

I dag delte regjeringa ut over 100 millionar kroner til internasjonalt utdanningssamarbeid, deriblant til HVL-samarbeid med tre institusjonar i India og ein i Brasil.

- Vi veit at det å meistra ein idrettsaktivitet kan ha stor betydning for heile livet, seier Christian Frøyd.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet og leier prosjektet «Empowering girls through football: A real-life integrated learning environment for children’s health and social inclusion»

Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Federal University of Paraná (UFPR)og omhandlar både studentutveksling, forskingssamarbeid og utvikling av  eit fotballprogram (for å fremme helseopplæring, akademisk prestasjonar, likestilling og sosial inkludering) for 150 jenter i favelaen Curitiba i Brasil. UFPR er et av dei største universiteta innan idrettsvitskap i Brasil, og Curitiba arrangerte VM i fotball både i 1950 og 2014.

Energi til alle, og i grønare former

Prosjektet med fotballjentene i Brasil har fått tildelt tre millionar kroner, og det same har eit anna HVL-prosjekt med Dhayalan Velauthapillai i spissen. Forskaren ved FIN har lenge bygd opp omfattande internasjonalt samarbeid kring nye energiformer med institusjonar og næringsliv i India og på Sri Lanka. I det nye prosjektet hans vil HVL samarbeide med tre indiske universitet i Tamil Nadu og med privat sektor i Noreg og India.

- Vi forskar hovudsakleg på teknologi som skal gjere energi billegare og meir tilgjengeleg. Eitt av FNs berekraftmål er «Energi for alle», men dette er langt ifrå den situasjonen vi er i i dag. Dersom vi kan utvikle fleksible, små ting som kan produsere litt energi, så vil det vere eit stort framskritt for mange folk kringom i verda, fortel Velauthapillai.

- Eit døme er afrikanske land, der så godt som alle har mobiltelefonar men kor det mange plassar manglar elektrisk nettverk. Der kan små, berbare energikjelder løyse store behov.

Velauthapillai og forskargruppa hans jobbar med å utvikle hydrogen som energikjelde, nye løysingar for solcelle-energi og energilagringssystem gjennom utvikling av avanserte nanomaterialer. Mange av løysingane er framleis på forskingsplanet og ikkje spreidd til næringslivet, men dette er eit mål.

- India er i front når det gjeld nanoteknologi, som er ein del av det vi jobbar med – mens vi er mykje lenger framme når det gjeld hydrogen. Å utvikle desse nettverka er difor ein stor gjensidig fordel, seier Velauthapillai.

- Det er også eit stort løft for utdanningane våre, sidan vi får stor grad av utveksling av studentar på master- og PhD-nivå.

Internasjonalt samarbeid for å løyse samfunnsutfordringar

DIKU mottok til saman 82 søknader til UTFORSK 2020, men no er altså desse HVL-prosjekta to av dei i alt 35 prosjekta som får tildelt tre millionar kroner til sitt utdanningssamarbeid.

UTFORSK-programmet er eit sentralt verkemiddel i Panorama-strategien, som er regjeringa sin strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea, USA og Canada.

– Vi er heilt avhengig av internasjonalt samarbeid for å løyse dei store samfunnsutfordringane. No deler vi ut pengar til prosjekt mellom norske universitet og høgskolar og utanlandske partnarar som både vil bidra til at fleire studentar drar på utveksling og at vi utviklar kvaliteten på utdanning og forsking, skriv forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Frå Cape Town til Curitiba

Utgangspunktet for samarbeidet med Brasil starta etter at Frøyd skreiv si doktograd i Cape Town i 2009 til 2013.

- Ein av mine medstipendiatar var Eduardo Fontes. Det er hans universitet i Brasil som vi no samarbeider med. Dei set stor pris på prosjektet og dei positive konsekvensane dette vil få, fortel Frøyd.

Prosjektleiaren ser fram til å jobbe med fotball som inkluderings- og likestillingsarena, også i Brasil.

- Sjølv om jentefotballen og guttefotballen i Noreg ikkje er heilt likestilte, har vi kome ganske langt i Noreg. Eg håpar at vi kan ta med oss erfaringane inn i dette prosjektet og bidra til å auke sjølvtillit og livskvalitet til dei som er med, seier han.

Ein viktig del av prosjektet er utveksling, både ved at studentar frå Noreg reiser til Brasil og at studentar frå Brasil kjem til Noreg. I tillegg skal både studentar og tilsette ved HVL ta del i fotballsommarskulen i favelaen, og bringe impulsar tilbake til Sogn og Fjordane.

Ifølgje Frøyd vil prosjektet også ha positive ringverknader for samarbeid i Sogndal.

– Vi har eit godt samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Sogndal fotball og Sogn og Fjordane fotballkrins i dag. Men med dette prosjektet får vi tid og pengar til å styrke samarbeidet ytterlegare og auke kvaliteten på det vi arbeider med, seier han.