Siste høyring er sendt ut

Forslag til modellar for instituttstruktur ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap er no sendt på høyring i fagmiljøa.

Høyringa er den siste i serien med høyringar om instituttstruktur for dei fire fakulteta i HVL.

Tre forslag er sendt på høyring i fagmiljøa, med høyringsfrist 30. august. Ein nyttar Questback til innsamling av høyringssvar, og denne er sendt til personen som er leiar/kontaktperson for ein høyringsinstans.

Det vil bli halde høyringsmøte i fagmiljøa, inklusive studentar og tillitsvalde på desse datoane: 

  • Sogndal: 23. august (økonomisk-administrative fag og samfunnsvitskap)
  • Bergen 23. august (økonomisk-administrative fag)
  • Haugesund: 30. august (nautikk og økonomisk-administrative fag)

Kva skjer framover?

For tilsette i alle dei framtidige fakulteta blir det halde høyringsmøte i august. Innkalling til desse møta er gjort i dei einskilde fagmiljø. Når høyringsfrista er gått ut vil dekanane samanfatte innspela og utarbeide eit endeleg forslag til instituttstruktur.

OU-programmet skal støtte dekanane i arbeidet og hjelpe med å samanfatte forslaga til ei sak som blir sendt til styret i møtet 27.–28. september.

Sjå meir:

Les meir om arbeidet med å utvikle organisasjonen på www.hvl.no/ou