Skapar større rom for leik i barnehagen

Kan meir bevegelse, leik og utforsking gi oss ein betre barnehage? Det banebrytande forskingsprosjektet MoveEarly vil teste ut dette. No er prosjektet tildelt 25 millionar frå Norges forskingsråd.   

– Dette er krevjande og viktig forsking, så det betyr utruleg mykje å få desse midlane seier professor Eivind Aadland, leiar for prosjektet og forskargruppa for Fysisk aktivitet og folkehelse. 

MoveEarly (Move-play-explore in early childhood education) bygger mellom anna på ACTNOW-prosjektet som har pågått i barnehagar i tidlegare Sogn og Fjordane sidan 2019, der målet er å auke aktivitetsnivået og fremme utvikling og læring hjå barn gjennom kompetanseutvikling for tilsette i barnehagar.

– Med MoveEarly utvidar vi perspektivet enno meir. Det handlar ikkje berre om å legge til rette for meir fysisk aktivitet, men om å sjå korleis bevegelse, leik og utforsking saman kan fremme barna si heilskaplege utvikling, forklarer Aadland.  

MoveEarly har som mål å utvikle og teste ei pedagogisk tilnærming i barnehagen der bevegelse, leik og utforsking er sentrale element. Den omfattande studien utførast i samarbeid med Bergen kommune og vil blant anna inkludere ein intervensjonsstudie med rundt 50 barnehagar og 500 barn. 30 forskarar med bakgrunn frå blant anna fysisk aktivitet og folkehelse, pedagogikk, psykologi, filosofi, organisasjonsutvikling, forskingsmetodikk og prosessevaluering skal bidra i studien.  

– Draumen er å gjere barnehagekvardagen rikare ved å gi meir rom til bevegelse, leik og utforsking, seier professor Elin Eriksen Ødegaard, leiar for BARNkunne – Senter for barnehageforskning, som samarbeider med Aadland og forskargruppa hans om prosjektet.    

Motverkar skulifisering for å bevare den nordiske barnehagen  

MoveEarly kan sjåast på som reaksjon på det som vert kalla skulifisering - ein internasjonal trend som ein no finn spor av i Noreg. Her står tanken om at barnehagen skal førebu barna på skulen sentralt, noko som gir ein meir skuleaktig kvardag. Det er grunn til å stille spørsmål ved om skulifiseringstrenden støttar seg på feiloppfatningar og manglande innsikt i korleis barn faktisk lærer og utviklar seg. Det er nærliggande å tru at dette også har medført meir stillesitting.  

– Vi veit at born sansar og lærer med heile kroppen, og at det å delta i leik er med på å styrke barna på alle utviklingsområde. Ved å utvikle eit større repertoar av verktøy for bevegelse, leik og utforsking, kan vi både styrke personalet i å følgje opp barna sine initiativ og på same tid styrke kunnskap og engasjement for sjølv å igangsette aktivitetar saman med barna. Vi trur at prosjektet, som skal initiere til bevegelse, meir leik og kreativ utforsking, vil styrke kunnskapen og arbeidet i barnehagane, seier Ødegaard. 

– Dette handlar om å skape kunnskap og praksis som betre gjer oss i stand til å møte barn på deira premisser. Det er ei positiv kraft som ligg i bevegelse, leik og utforsking som all utdanning kan nyttiggjere seg av. 

Ho meiner forskingsprosjektet er viktig fordi det vil gi oss solid grunnforsking på dette feltet og betre innsikt i kva som kan gjere barnehagane betre for barna våre.   

Samarbeid er avgjerande for å lykkast   

Det er mange involverte i prosjektet, som startar i haust og skal vare fram til 2027. Både Aadland og Ødegaard er spesielt opptekne av å få til eit godt samarbeid med barnehagane og dei tilsette.   

– Vi som er forskarar jobbar ikkje i barnehagen, derfor er det viktig for oss at dei tilsette kan dele av sine erfaringar og fortelje oss om sin kvardag, og slik utvikle prosjektet saman med oss. Vi ønsker å utvikle verktøy dei kan bruke, då er det avgjerande å sikre god dialog med dei som er tettast på barna, seier Aadland.