Søker innsikt i den gåta som rehabilitering er

Årleg får meir enn 12 000 personar i Noreg og 12 millionar i verda hjerneslag. Dei fleste treng systematisk rehabilitering – men hittil har vi hatt lite kunnskap om kva som skjer under slik behandling.

Ørsmå framskritt gjennom veker og år.

Mangel på presise målemetodar for å sjå om desse framskritta verkeleg skjer.

Eit enormt tal ulike hjelparar frå ulike faglege bakgrunnar og institusjonar.

Pasientar og pårørande som blir forvirra og demotiverte av alt saman.

Dette er nokre av problema som har vore knytt til rehabilitering av slagpasientar. Desse personane har opplevd eit brutalt tilbakeslag i livet. Brått har dei mista evna til å røre på seg slik dei gjorde før. Det som ein gong gjekk av seg sjølv i kvardagen, kan vere uendeleg tungt. Og så skal dei trene, trene, trene for å bli betre.

Frå augemål til harde, presise data

Korleis skal dei orke dette? Og kven veit kva som best kan hjelpe dei? Desse grunnleggande spørsmåla har vore vanskelege å svare på hittil.

Og nettopp dette problemet er det forskingsprosjektet Dare tek for seg. I botnen ligg to sentrale målsettingar: å finne gode måtar å måle framgang i opptreninga. Og å finne gode måtar å vise dette fram til alle som ønsker å sjå og forstå den framgangen: pasientar, pårørande og helsepersonell frå vidt forskjellige faglege bakgrunnar.

Dare er ei forkorting for «Dataassistert rehabilitering etter hjerneslag». Innan dette prosjektet samarbeider helse- og teknologiforskarar om å utvikle løysingar som kan måle framgang meir objektivt og gi pasientane betre oppfølging. I staden for handhalde måleverktøy i tre og fysioterapeutens eige skjønn, skal mobiliteten i pasientens ulike ledd og lemmer målast meir presist ved hjelp av kamera og sensorar festa til kroppen.

- Vi ønsker å skape noko som leier til ei reell endring i samfunnet. Og for å få dette til, treng vi ein stor tverrfagleg innsats, seier Runar Tengel Hovland, den eine av prosjektleiarane.

- Når vi veit meir om kva slags progresjon som skjer over tid, vil det vere betre for motivasjonen til pasienten. I tillegg vil helsepersonell ha betre verktøy for å følgje opp på gode måtar, seier Erik Kyrkjebø, den andre prosjektleiaren.

Gizem Ates Venås (t.v.), Raquel Motzfeldt Tirach og Erik Kyrkjebø jobbar med å finne gode målemetodar for framgang innan opptrening. Foto: Ingvild Constance Festervoll Melien.

Å få alle fragmenta til å smelte saman

Prosjektet Dare veks ut av prosjektet Sarha – Samordnet datadrevet rehabilitering etter hjerneslag.

Les meir her: Vil revolusjonere korleis vi driv rehabilitering

Prosjektet var inspirert av erfaringar frå praksis, og særleg av arbeidet til fysioterapeut Jeanette Svarstad. Ho er også sentral i Dare, og jobbar med ein doktorgrad knytt til det.

- Kort sagt er behandlinga av slagpasientar fragmentert og uoversiktleg. Vi ønsker å få alle fragmenta til å smelte saman, seier Hovland.

Måten dei skal smelte saman på, er ved hjelp av ei digital tvilling. Dette er ein avatar, anten forma som ein menneskekropp eller på anna vis, som samlar all informasjon om behandlinga og framgangen til pasienten over tid. Denne figuren skal vere noko alle kan forstå – pasientar, pårørande og fagfolk frå helsevesenet.

Dare vil ta prosjektet eit skritt vidare gjennom organiseringa av såkalla Living lab-workshops. Desse laboratoria - eller møta - skal samle fagfolk og brukarar som jobbar langs ulike spor for å få innsikt i den svarte boksen som rehabilitering er.

I tillegg vil dei nytildelte tverrfaglege midla til Dare gi forskarane tid til å søke forskingsrådsmidlar og internasjonal forskingsstøtte til å utvikle prosjektet vidare.

Komplisert å innføre ny teknologi

- Verknaden av å ha objektive data for framgang kan bli enorm. Når vi får det, kan vi seie mykje meir om kva slags behandling som verkar, og for kven, seier Kyrkjebø.

Ei heilskapleg, visuell framstilling av pasientens tilstand og behandlingsforløp vil også vere eit sjumilssteg fram for helsevesenet. Då slepp den enkelte ergoterapeuten, fastlegen eller fysioterapeuten å slå opp i journalane, leite etter informasjon tilbake i tid, stykke alle bitane saman. Dei vil på eit blunk kunne forstå kva kollegaene har gjort, og kva verknad det har hatt.

Likevel: Vegen fram til eit slikt scenario er svært komplisert.

- Det er ikkje slik at vi kan gå inn og fikse ein puslespelbit, og så er alt løyst i heile kjeda av behandlinga, seier Kyrkjebø.

- Meirarbeidet kjem i det leddet som skal ta i bruk den nye teknologien. Det er ikkje berre å innføre noko nytt, og så skjer det noko magisk.

Ny teknologi har sin pris, understrekar både Kyrkjebø og Hovland. Ringverknadene i heile helsesystemet kan vere store, og utilsikta, uønskte verknader kan også vere ein del av det.

- Inntil vidare er noko av det viktigaste vi gjer, å jobbe med å sjå utover eigne faglege grenser og lære oss å forstå korleis andre jobbar. Så kan vi gå vidare og bygge bruer mellom oss, forstå betre korleis alt heng i hop, seier Hovland.

Fakta om Dare

  • Runar Tengel Hovland og Erik Kyrkjebø leier eit av dei to miljøa ved Høgskulen på Vestlandet som har fått midlar i tildelinga radikal tverrfagleg forsking. I tillegg er det også fire miljø som har fått tildeling for framifrå forsking. Tildelingane er på seks millionar kroner kvar, fordelt på tre år. Les meir om alle tildelingane på denne nettsida: Framifrå og radikalt tverrfagleg forsking
  • Prosjektet har fått namnet: «Dare: Dataassistert rehabilitering etter hjerneslag».
  • Prosjektet samlar forskarar med ulike fagkompetanse på tvers av fakulteta, blant anna Runar Tengel Hovland innan tenesteforsking, Erik Kyrkjebø innan robotikk, Jeanette Svarstad innan fysioterapi, Gizem Ates Venås innan robotikk og Raquel Motzfeldt Tirach innan robotikk og informasjonsteknologi.
  • Dare bygger vidare på fleire års forsking ved HVL.