Framifrå og radikalt tverrfagleg forsking
Korleis kan forsking bidra til å løyse viktige samfunnsutfordringar?
Seks satsingar ved Høgskulen på Vestlandet skal utvikle kunnskap gjennom banebrytande forsking og radikalt tverrfagleg samarbeid. Forskinga femnar om felta helse, teknologi, pedagogikk og berekraft.
Framifrå og radikalt tverrfagleg forsking
Om satsinga
- Høgskulen på Vestlandet byggjer forskingsmiljø som kan hevde seg internasjonalt, tiltrekkje seg ekstern finansiering og skape forsking med stor vitskapleg og samfunnsmessig betydning.
- Prosjekta samlar forskarar frå ulike fagområde for å løyse komplekse utfordringar som ingen disiplin kan løyse aleine. Samstundes skal satsinga bidra til å utvikle neste generasjon forskarar og leggje grunnlaget for større nasjonale og internasjonale forskings- og innovasjonsprosjekt.
- Kvart miljø får seks millionar kroner kvar, fordelt over ein periode på tre år.
- Les meir om tildelinga i denne aktueltsaka: Styrkar forskinga i det framtidige universitetet