
Statsråden fekk gode faglege smakebitar i Sogndal
Onsdag 30. april gjesta statsråd Sigrun Aasland campus Sogndal. Her blei ho oppdatert på både spennande forskings- og utdanningsarbeid og det viktige samspelet med aktørane i og rundt campus.
- Det var veldig fint å ønskja statsråden velkommen til Høgskulen på Vestlandet og campus Sogndal, seier prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal.
Saman med fagmiljøet på campus hadde ho rigga til eit spannande program for statsråden og følgje.
- Vi fekk vist fram den nye satsinga her i HVL som vi har kalla «Sogna-BLU». Det er ei ny barnehagelærarutdanning i samarbeid med regionen, som vi har god tru på.
Det var programleiar for regional utvikling ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Osvald Lykkebø, som orienterte om den nye profilen.
Professor i vegetasjonsøkologi Knut Rydgren følgde opp med ei god orientering om «Naturens helse er vår helse: Så hvorfor ødelegger vi myrene?»
Knut Rydgren formidlar faget sitt på beste vis!
Førsteamanuensis Inger Auestad, botanikar og økolog, var sist ut frå HVL og viste statsråden eit konkret prosjekt om kva niandeklassingar lærte om karbonlagring, kunnskapshol og kritisk tenking.
Siste post på programmet på høgskulebiblioteket var orienteringar frå Vestlandsforsking og Digitaliseringsdirektoratet.
Etter økta i HVL-biblioteket fekk Aasland møta studentar som snekra plantekassar i hagen til Framtiden i Våre Hender Sogndal.
Samspelet mellom aktørane på campus var noko av det statsråden merka seg.
- Ja, det kom tydeleg fram. Vi har våre gode samarbeidspartar tett på her på campus og det er eit av dei viktige kjenneteikna med kunnskapsbygda Sogndal. Mangfaldet av kunnskap og kompetanse gjer oss i stand til å møte framtidas utfordringar innan utdanning og forsking, seier Naustdal.
Det er ikkje mange vekene sidan statsråden gjesta campus Bergen. Og det er ikkje mange dagane til statsråden på ny gjestar ein annan av HVL sine campusar. Fredag 16. mai er ho på plass ved campus Haugesund kor det er grunnsteinnedlegging for nybygget.