Stor interesse for lærarutdanninga og HVL
Det er ikkje tvil om at lærarutdanning er viktig for politikarane. I dag var stortingspolitikarane Margret Hagerup (H) og Liv Kari Eskeland (H) på campus Stord for å høyre meir om kva grep HVL festar om lærarutdanninga regionalt og nasjonalt.
- Det blei eit veldig fint møte. Vi fekk presentert fakultetet vårt, og vi fekk tatt opp forhold som vi synes det er viktig at politikarane er merksame på.
- Å ha god kontakt med politikarane våre, både stortingsbenkane og andre sentrale personar i dei ulike stortingskomitéane er noko vi prioriterer, seier dekan Asle Holthe ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Meir fleksibilisering
Finansiering, gode vilkår for forsking og auka studentrekruttering, og det å drive ein fleircampusinstitusjon var noko av det som stod på programmet.
- Vi fekk og snakka om korleis framtida blir inn mot digitalisering, meir fleksibilsering og desentraliserte studietilbod. Dette er eit svært aktuelt tema, seier dekan Asle Holthe.
Saman med prodekan Sigurd Sandvold fekk han vist dei to politikarane rundt på campus, der det også blei ein tur innom den nye læringslaben.
Førstelektor Anders Grov Nilsen i full sving med kreativ læring og utforsking i den nye, flotte læringslaben på campus Stord.
Stor trong for utdanning
Margret Hagerup som sit i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget likte signala frå HVL.
– Det skjer utruleg mykje ved Høgskulen på Vestlandet. Inspirerande og fint å få ei oppdatering på lærarutdanning og høgskulen.
- Her på Stord har de ein lang historie og tilbyr mange viktige utdanningar som det er stor trong for, ikkje minst innan skule og oppvekst.
- I tillegg er de i ferd med å omstille og det er veldig positiv. Meir samlingsbasert, meir på digitale flater, og gode kombinasjonar av dette er framtida.
- Men eg vil og utfordra dykk til å auka tempoet når det gjeld etter- og vidareutdanning og då særleg for næringslivet.
- Det er naudsynt å ha tett dialog med næringslivet. Her heng dei fleste utdanningsinstitusjonane etter, men eg opplever at Høgskulen på Vestlandet er eit skritt framfor, og det er ingen grunn til at de ikkje skal fortsette å vere det. Livslang læring er sentralt.
Stetta regionale kompetansebehov
Margret Hagerup er opptatt av at HVL tar ein viktig og tydeleg plass nasjonalt, men ikkje minst på Vestlandet.
– Det regionale kompetansebehovet er grunnleggjande for det som skjer i utdannings- og forskingssektoren. Dette blir heilt sentralt framover.
Stordabu Liv Kari Eskeland er glad for å bli oppdatert på HVL og ho er opptatt av å ta med politikarar heim til Vestlandet og Sunnhordland.
Løyser behova
- Det er heilt nødvendig for oss politikarar å ha jamn og god kontakt med samfunnet, våre institusjonar og næringsliv for å utvikle politikken vår slik at vi kan svare opp dei behov som vi har.
- Eg kjenner godt til høgskulen og det gler meg å sjå at høgskulen er i fin utvikling på fleire område og at det vert satsa på alle campus.
- Høgskulen er avgjerande for kompetanseutviklinga langs heile Vestlandet no, og i framtida når ein blir universitet.
- Sjølv om eg kjenner campus på Stord godt er det alltid noko nytt å læra. Eg let meg inspirera over korleis ein evner å ta opp i seg dei utfordringane ein står overfor og korleis de løyser desse på nye og kreative måtar.
- Eit flott eksempel i dag var korleis ein kan «sy» opplegg for kandidatar som av ulike årsaker ikkje har fullført eit studium, men som no ser at dei har kapasitet og høve til dette. Det er også ei form for tilpassing eg trur det vil vera meir trong for i åra som kjem.
- Elles var det veldig kjekt å få oppleva den nye læringslaben. Her vil det utspele seg mykje kreativitet både for studentar og lærarar i åra som kjem, og det er flott at laben vert opna for samfunnet rundt.
Prodekan Sigurd Sandvold fortalte ivrig om korleis ein driv med campusutvikling på Stord. Han dro linjene frå fortid, til notid - og inn i framtida. Her i frå den flotte festsalen på campus.