Flott opning av ny læringslab på Stord

HVL tar kraftfulle og framtidsretta steg inn i det digitale læringsrommet. No er den supermoderne læringslaben på campus Stord klar for innrykk av studentar, tilsette og omverda rundt høgskulen.

- Dette er ein milepåle, seier prorektor for utdanning i HVL, Anne-Grethe Naustdal.

Saman med kollega Anne Kristin Rønsen og Sigrid Jordal Havre stod ho for den offisielle opninga av læringslaben på Stord, torsdag 20. januar.

- Vi opnar eit heilt nytt læringsrom. Her koplar vi det tradisjonelle med det digitale. Det ligg mykje optimisme og skaparkraft i dette. Og det ligg mykje god fagkunnskap om både læring og teknologi i dei som driv dette arbeidet her i HVL.

- Alt ligg godt til rette for å utforske, samhandle og skape gode ting i lag.

- Dette opnar nye moglegheiter for oss inn i både utdanning og forsking, men også i det å samhandle endå betre med omgjevnadane våre, seier Naustdal.

Sigrid Jordal Havre opplyser at læringslab er ei ganske så ny satsing i HVL. Læringslaben på Stord er nummer to i rekka. Den første læringslaben blei opna på campus Bergen i fjor. Neste campus ut med Læringslab er Sogndal. Der opnar læringslaben 4. februar. Seinare kjem det læringslab i Førde og Haugesund.

I læringslaben er det mogleg å låna utstyr og få god hjelp og opplæring under prinsippet «hjelp til sjølvhjelp». Det vil bli tilbod om små kurs og meir, både på lågterskel- og meir avansert nivå.

- Her er det opent frå klokka 9-15 kvar dag og etter kvart når vi får på plass studentassistentar vil vi utvida tidene, fortel Sigrid Jordal Havre og Inga Lisa Almås.

Sistnemnde er tilsett i læringslaben på Stord.

Ho fortel at ein og vil trekka samarbeidspartnarane inn på campus med det nye tilbodet.

- Her skal vi opne opp og invitere inn. Dette skal vera ei god arena for utvikling av læring, utprøving av teknologi og samhandling.

lab_teknologi.jpg
Tipp topp utstyr for å utvikle gode og kloke læringsaktivitetar.

Lab3D.jpgVideo, podkast, VR, 3D-printing og mykje meir. Det manglar ikkje på verken utstyr, kunnskap og god og kyndig hjelp i læringslaben på Stord.

Lab_lag.jpg
Godt lag!