
Internasjonale studentar på HVL sitt Erasmus Mundus-program er på plass i Bergen
Høgskulen på Vestlandet markerer ein viktig milepæl når dei no tek imot det første kullet på den internasjonale masteren Theatre SPACEs.
Masterprogrammet Theatre Spaces er eit toårig masterprogram utvikla i samarbeid med europeiske partnarar. Det er det første Erasmus Mundus-programmet ved HVL, eitt av berre 220 i verda, og det fjerde nokon gong koordinert frå ein norsk utdanningsinstitusjon.
– Det er ein viktig milepæl for HVL. Dette er ikkje berre eit nytt masterprogram, men eit internasjonalt fellesprogram som er utvikla saman med partnarinstitusjonar i fleire europeiske land. At HVL koordinerer programmet og no tek imot det første kullet, viser òg at fagmiljøet vårt har kompetanse og nettverk som kan hevde seg internasjonalt, seier Anne-Grethe Naustdal.
Studentane skal utforske teater i sosiale, deltakande kunst-, samfunns- og utdanningskontekstar, og korleis teater og dramatiske metodar kan brukast i skular, lokalsamfunn, kulturinstitusjonar, helse- og sosialsektoren og andre delar av samfunnet.
Det unike er kombinasjonen av anvendt teater, kunstnarisk praksis, forsking og internasjonal mobilitet. Programmet kombinerer profesjons- og arbeidslivsretta utdanning med forsking, internasjonalt samarbeid og tverrfaglegheit.
Theatre SPACEs-studentane kjem frå mange ulike land og faglege bakgrunnar, og dei tek med seg erfaringar og perspektiv som kan bli ein ressurs for andre studentar. Årets kull på 21 studentar blei vald ut frå 1074 søkarar frå 110 ulike land.
– Det er sjølvsagt veldig givande å sjå at noko som har vore på teiknebrettet og i utvikling i fleire år, no faktisk blir til eit levande studieprogram med studentar frå heile verda. Samstundes kjennest dette meir som starten på ein ny fase enn som slutten på eit prosjekt. No skal vi sjå korleis ideane og ambisjonane fungerer i praksis, saman med studentane og partnarane våre, seier Adam Cziboly.
I tråd med HVL sin strategi
Theatre SPACEs er eit døme på korleis internasjonalisering kan bli ein integrert del av utdanning og fagutvikling. HVL får ikkje berre internasjonale studentar til Bergen, men byggjer eit studieprogram som er internasjonalt frå grunnen av – gjennom partnarinstitusjonar, studentmobilitet, felles undervisning og forsking.
For HVL gir programmet høve til å byggje langsiktige internasjonale partnarskap og styrkje det internasjonale student- og fagmiljøet på campus. Dette er i tråd med HVLs strategi om å utdanne kandidatar som kan møte framtidige kompetansebehov i samfunnet.