
Styret set spor inn i framtida
Årets siste møte i høgskulestyret hadde fleire store saker på dagsorden. Eit aktivt styre tok tak i og ga klåre innspel til både neste års budsjett, studieportefølje og rekrutteringsarbeidet.
– Desse sakene er bygd på eit stort, grundig og omfattande saksgrunnlag. Styret anerkjenner kompleksiteten i sakene, men er óg oppteken av å ha eit reelt handlingsrom og sette retning og kraft i tiltaka, seier styreleiar Arvid Hallen.
Han fortel at styret er merksame på at HVL går inn i ei tid kor det gjeld å oppretthalde ein sunn økonomi i utviklinga av det nye universitetet.
Eksterne inntekter og satsing på etter- og vidareutdanning
– Budsjettarbeidet viser at vi har ein rimeleg bra og solid økonomi. Så må vi bu oss på andre økonomiske tider framover.
– Vi må tilpassa inntekter og utgifter og sjå fleire år framover i tid. Eksterne inntekter og satsing på etter- og vidareutdanning er eitt av tiltaka som vil bli viktig dei neste åra, seier Hallen.
Undervegs i styremøte peika fleire av styremedlemmene at endrings- og omstillingsarbeidet som HVL står i må ha god involvering og aktiv kommunikasjon.
På starten av dagens styremøte fekk styret også omvisning i brannlaben. Foto: Terje Rudi
Fem levande campus
Styret understreka i møtet ved campus Haugesund at profilen som eit profesjons- og arbeidslivsretta universitetet med fem levande campus står fast.
Å styrke kjerneaktiviteten, løfte fram dei særmerkte kvalitetane ved kvart campus og utvikle studieporteføljen peiker og til HVL sin strategi.
Studentrekruttering og det langsiktige arbeidet med omdømmebygging var og til diskusjon.
Hallén påpeikar at dei nasjonale trendane også treff Høgskulen på Vestlandet og at dei får særskilt betyding for dei mindre campusane.
– Styret er merksame på nedgangen i studentrekrutteringa. Over nyttår vil vi få ei sak som ser på desse forholda i lys av universitetsambisjonen, samfunnsoppdraget vårt, satsinga på campusutvikling og den regionale rollen vår. Dette blir ei viktig sak.
Sender universitetssøknaden i 2024
Styret blei også orientert om arbeidet med universitetssøknaden. HVL vil sende søknaden i løpet av 2024, og er i tett dialog med NOKUT for å bidra til at behandlingstida på søknad blir kort og effektiv.