
Styrkar utdanningstilbodet innan praktiske og estetiske fag med ny lærarutdanning
Har du lyst til å ta med deg interessa for idrett eller musikk inn i arbeid som lærar? Då er den nye lærerutdanning for praktiske og estetiske fag noko for deg.
Utdanninga er ei femårig integrert masterutdanning med studieretningane kroppsøving og idrettsfag og musikk og er relevant for arbeid i skulen, folkehøgskulen, kulturskuler og det frivillige kulturlivet.
– Det er eit stort behov for praktiske og estetiske fag i grunnskulen. Desse utdanningane er eit svar på det, seier Gunn Haraldseid prodekan for utdanningskvalitet i Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Fleire undersøkingar viser at lærarmangelen i skulen er stor og at det er ein mangel på kompetanse, spesielt innan praktiske og estetiske fag. Samstundes er interessa for å studere desse faga stor, noko ein ser i søkertala frå studiet: Då Norsk Idrettshøgskule oppretta studieprogrammet hadde dei over 900 kvalifiserte søkarar til 40 studieplassar.
Frå hausten 2022 vil Høgskulen på Vestlandet tilby faget som den einaste utdanningsinstitusjonen på vestlandet.
– Det er eit enormt løft for dei praktiske og estetiske faga, og me håper å tiltrekke oss mange studentar til dette, seier Joar Fossøy, førstelektor og studieprogramansvarleg for idrett, fysisk aktivitet og kosthaldsutdanningane, som har vore sentral i utviklinga av programmet.
Teori og praksis spelar kvarandre gode!
I arbeidet med å etablere dei nye utdanningane har forsking og erfaringsbasert kunnskap vore viktige byggesteinar. Målet er å kunne tilby eit studieløp der ein kan sjå samanhengane mellom teori og praksis slik at ein kjenner seg klar og førebudd på arbeidslivet etter studia.
– Eit sentralt mål er at utdanninga skal bygge på forsking og erfaringsbasert kunnskap og ha samanheng mellom fag, profesjonsfag og praksis, fortel Fossøy.
Lettare å kvalifisere seg for jobb
Denne nye utdanninga gjer det mogleg å spesialisere seg innan sine interessefelt. Fagval og innretning kan ha betydning for kva trinn ein seinare kan undervise på: avhengig av kva retning du vel, kan du kvalifisere deg for undervisning både i grunnskule og videregåande skule.
Studiet er heiltid og blir tilbode ved campus Bergen og Stord. 52 studentar har høve til å få plass på desse to studia. Kroppsøving og idrettsfag får 32 studieplassar i Bergen, medan musikk har 10 studieplassar på Stord og 10 studieplassar i Bergen.
Interessert? Les meir om studiet her!
Hugs søknadsfristen 15.april og oppstart hausten 2022.