
Testa ny prototype for oppdrettsnæringa i dykkartanken
Fleire havteknologistudentar besøkte nyleg dykkarutdanninga ved HVL for å teste ut ein prototype på ein ny merd for oppdrettnæringa.
– Med ei utdanning som ingeniør er det utruleg gøy å bruke det vi har lært i praksis og vere med på og utvikle framtida. Å kunne starte med ein idé, lage teikningar, få ein modell og teste idéen, er ein prosess eg ser for meg er nyttig for ein ingeniør som vil inn i produktutvikling, noko eg håper på ein dag!
Det seier student Ingvil Pettersen som studerer havteknologi ved HVL. Saman med Ulrik Brandanger skriv ho bacheloroppgåve i samarbeid med selskapet Roxel Aqua.
Bidrar til å løyse utfordringar i oppdrettsnæringa
Som dei fleste ingeniørstudentane ved HVL, skriv dei bacheloroppgåve i samarbeid med næringslivet. Oppgåva til Ingvil og Ulrik handlar om å teste ut ein prototype av en ny merd som skal brukast i fiskeoppdrett.
Det nye designet skal hjelpe til med å løyse fleire av problema som oppdrettsnæringa slit med, mellom anna mangel på tilgjengelege lokasjonar innaskjers, lakselus, rømming, stress og skadar på fisken.
Frå venstre: Ingvil Pettersen og Ulrik Brandanger.
Synergieffekt av godt samarbeid
Havteknologistudentane Heine Gjesdal Johannessen, Vetle Chyba Norstad, Marius Heltne har designa merden på teiknebrettet. Overgangen frå teiknebrettet til ein fysisk modell som skal testast i vatn, er både krevjande og morosam. Men for å få teste modellen på ein god måte, er det viktig å ha tilgang på dei rette fasilitetane.
– Ei slik oppgåve er ikkje mogleg å gjennomføre utan tilgang til vanntank og hjelp frå dyktige fagfolk som kan hjelpe med å plassere modellen i tanken, forankre, heve og senke merden for å simulere operasjonsforhold, og samtidig sikre at HMS er ivaretatt, fortel rettleiar og førsteamanuensis Victoria Popsueva.
Hjelpa fekk dei frå Harald Sigvart Elvatun ved dykkerutdanninga ved HVL, lokalisert i Skålevik litt utanfor Bergen. Innandørstankane som vanlegvis blir nytta til dykking, passa som hand i hanske til oppdraget og kom dermed til nytte på nye måtar.
Ingeniørutdanningane har lenge hatt eit tett samarbeid med dykkarutdanninga gjennom valfaget dykkeroperasjonar for ingeniører.
– Å få så god tilgang til fasilitetane i Skålevik vil eg seie ein konsekvens av samarbeidet vi har i dette valfaget, seier studieprogramansvarleg Tone Røkenes.
God rettleiing frå dykkarutdanninga
Elvatun følgde studentane i det eksperimentelle arbeidet i tanken, og kom med mange praktiske tips undervegs for å få ting til å fungere under vatn.
– På dykkarutdanninga har vi både infrastrukturen, utstyret og kompetansen til å kunne bidra. Vi har mykje erfaring med undervannsarbeid og undervannsinnretningar – ein kompetanse som er vanskeleg å ha dersom ein ikkje har jobba under vatn. Dykkarutdanninga ved HVL ønskjer å både vere synlege og relevante, og er vi glade for å kunne bidra, seier Elvatun.
Det er likevel ikkje første gangen dykkarutdanninga bidrar inn i ingeniørutdanningane – både innan elektro/automasjon og IT har dei tidlegare gitt råd og rettleiing til fleire bachelorprosjekt. Men det er første gangen at dei testa ein såpass stor innretning i dykkartanken.
–Testinga gjekk som planlagt. Vi hadde ein god dialog frå starten av slik at vi fekk luka ut mange utfordringar før prototypen blei bygd. Då gjekk det fint å få montert og testa, sjølv om ein alltid møter på uforutsette ting undervegs, fortel Elvatun.
Kreative studentar
Tord Ludvigsen i selskapet Roxel Aqua er full av lovord om innsatsen til ingeniørstudentane.
– Det er veldig spennande at interesserte og flinke studentar kan få bidra til å hjelpe med reelle problemstillingar som vi har i akvakulturbransjen. Studentane har ofte eit anna perspektiv enn oss og har mange nye idéar som dei modellerer og testar ut i praksis, kommenterer han.
Ludvigsen legg til at det gode fagmiljøet med flinke rettleiarar, flotte fasilitetar og ivrige studentar har bidratt til utviklinga av deira merdkonsept ved fleire høve.
– Testing i basseng gir unike moglegheiter for læring, både for oss og studentane, og vi synes det er veldig positivt at dykkarutdannninga stiller dei flotte ressursane til rådigheit, avsluttar han.