
Tett på arbeidslivet – lokalt og internasjonalt
I samarbeid med Stord sjukehus utdannar Høgskulen på Vestlandet studentar frå heile landet i behandling av kroniske sår. Det er ein kompetanse det er stort behov for i kommune-Noreg, men og elles i verda.
Som ein av to stader i landet, tilbyr Høgskulen på Vestlandet (HVL) vidareutdanning i pleie og behandling av ikkje- helande sår (kroniske sår). I Haugesund, der utdanninga går, har dei etablert eit sterkt fagmiljø og eit unikt samarbeid med Stord sjukehus, som er blant dei beste i landet på dette feltet.
Primus motor er dosent og sjukepleiar Arne Jostein Langøen.
– HVL skal vera tett på arbeidslivet vi utdannar til, og det er vi i aller høgaste grad her. Vi har eit unikt samarbeid med Stord sjukehus som starta i 2010. Alle sjukepleiarar som jobbar på sårpoliklinikken har tatt vidareutdanning på HVL og overlege Bodo Günther undervisar på utdanninga, seier Langøen.
Sidan oppstarten i 2008 har nærare 700 helsepersonell frå heile landet fått spesialkompetanse innan sårbehandling på høgskulen. Søkjartalet har gått jamt oppover dei siste 10 åra, og kvart år blir rundt 60 studentar uteksaminert frå studiet.
Viktig for kompetansen i heile Noreg
I 2022 vann Langøen prisen «årets eldsjel» for sitt engasjement for å spreie kunnskap og auka kompetansen om sårbehandling i helsetenesta. Prisen blir delt ut av Norsk interessefaggruppe for sårheling.
I grunngjevinga skreiv juryen at utdanninga har vore viktig for sårkompetansen i store delar av Noreg, og særleg på Vestlandet.
– Det er stor variasjon i kunnskap og kompetansen om sårbehandling i kommunane og mange får framleis ikkje god nok hjelp. Difor er det viktig å halda fram med å auka kunnskapen i helsetenesta, sa Langøen i samband med prisen.
Opnar sårpoliklinikk i Uganda
Samarbeidet høgskulen har innanfor dette feltet strekkjer seg ikkje berre over fylkesgrensene, men og langt utanfor Norges grenser.
Forrige veke hadde HVL og Stord sjukehus besøk av sjukepleiar Winfred Najjuma og lege Mathius Nsimbi frå Kisubi sjukehus i Uganda.Bilete: Frå venstre: Mathius Nsimbi, Isabella Stokka Landmark, Margrethe Torkelsen, Arne Langøen, Winfrid Najjuma, Bodo Günther og Rita Fotland.
I 10 år har Langøen og Günther jobba for å oppretta ein sårpoliklinikk i Uganda. Det heile starta då Langøen fekk reisestipend og ville lære meir om tropiske sår i 2013.
– Eg lærte ikkje så mykje om tropiske sår, eg trur faktisk ikkje er såg eit einaste, ler Langøen, men eg lærte mykje anna og fekk gode kontaktar i Uganda, seier han.
Sidan den gongen har Langøen og Günther reist til Uganda fleire gonger og undervist helsepersonell ved Kisubi i sårbehandling. Etter ti års arbeid startar klinikken endeleg opp.
Najjuma og Nsimbi skryt av samarbeidet med Noreg.
– Denne klinikken betyr svært mykje for oss, og vi er veldig takknemleg for samarbeid med høgskulen og Stord sjukehus. Det betyr at vi kan hjelpe pasientane våre betre enn det vi klarer i dag. Vi kan gi dem håp, seier Winfred Najjuma.
Gir pasienten håp
Og er det noko besøket frå Uganda har merka seg, så er det nettopp korleis helsepersonellet på Stord sjukehus gir pasientane håp om betring. Dei som kjem på sårpoliklinikken har ofte hatt vonde, kroniske sår over lang tid. I hovudsak er det snakk om sår på grunn av komplikasjonar ved diabetes eller skadar, som følgje av støt eller fall (kontusjonsskader), ofte hos eldre.
– I dag hadde vi ein pasient som for ei tid tilbake ynska å amputera foten, men med behandling over fleire månader, så er han no mykje betre. Her tenkjer dei innovativt og vurderer ulike behandlingsmetodar - og heile vegen gir dei pasienten håp, seier Mathius Nsimbi.
Bilete: Winfred Najjuma, Mathius Nsimbi (i midten) og Isabell Stokka Landmark ved eit debirideringsapparat. Apparatet brukes ved fjerninga av svulstar ved hjernekirurgi, men fungerer også svært bra til sårreins.
Gjensidig læring
Langøen fortel at det ikkje berre er dei som har lært opp helsepersonell i Uganda. Kunnskap og erfaringsutveksling har gått begge veger. Ein erfaring Langøen og Günther har gjort seg i Uganda er kor godt povidon-jod fungerer på behandling av sår.
– I Noreg har ikkje povidon-jod blitt brukt i sårbehandling sidan 60-talet, men i Uganda er bruken utstrakt. Noko av grunnen til at det vart kutta ut i Noreg var fordi det svei for pasienten på grunn av alkoholinnhaldet. Det førte til at det fekk eit dårleg rykte på seg, seier Günther.
Men dagens løysing med povidon-jod er heilt annleis enn den var på 60- talet. Under opphaldet i Uganda blei dei overraska over kor effektivt dette stoffet var.
- Det fungerer veldig godt til desinfisering av sår, i tillegg er det billig og eit av dei mest effektive stoffa mot infeksjon og bakteriar. Erfaringa vi gjorde oss i Uganda har gjort at vi har tatt i bruk povidon-jod på Stord sjukehus, seier Günther.
No ser alle fram til at sårpoliklinikken ved Kisubi sjukehuset, som er den fyrste av sitt slag i landet, skal kome i ordentleg drift. Samstundes vil dei samarbeida vidare og jobba for at enda fleire skal få kunnskap om sårbehandling.
– Kisubi er eit middels stort sjukehus i Uganda med forholdsvis mykje ressursar. Vårt håp er at helsepersonell ved sjukehuset på sikt kan spreia kunnskapen vidare til andre sjukehus i landet, avsluttar Langøen.