To HVL-miljø søkjer om å bli Senter for framifrå forsking

SFF-søknadene kan setje HVL i spissen innan forsking på berekraftig innovasjon og barnehagesektoren.

– Det har vore utruleg mykje jobb å få søknaden i hamn – men det skal det jo også vere! seier professor Lars Coenen ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling.

Elin Ødegaard, leiar for BARNkunne, kan skrive under på det same. Det siste halve året har barnehageforskarar frå både Bergen og Sogndal jobba hardt for å få søknaden i mål.

– Uansett om vi får positivt svar eller ikkje, har dette vore eit steg mot å utvikle viktige, nye forskingsidear innan feltet vårt, seier ho.

SFF-ordninga gir forskingsmiljø sjansen til å skaffe støtte til frie forskingsprosjekt som varer i inntil ti år, med rammer på opptil 180 millionar kroner. Målet er konsentrert og langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå.

Vegen til eit nullutsleppsamfunn

FN har kalla tiåret vi er inne i, for «The decade of action». Kva menneskeheita gjer for å endre levemåtar i løpet av dei åra, vil vere avgjerande for framtida til planeten. Den grøne omstillinga må skje raskt, men store delar av samfunnet er ikkje spesielt positiv til rask og radikal omstilling. Korleis løyse denne utfordringa?

Dette er det sentrale spørsmålet som eit knippe innovasjonsforskarar ved HVL ønskjer å dykke ned i, som mogleg framtidig Senter for framifrå forsking (SFF). Mellom desse er fagfolk frå Mohnsenteret og frå Institutt for natur- og miljøvitskap. Dei vil også samarbeide med forskingsmiljø ved NTNU og UiO.

– Vi forsøker å forstå korleis omstilling kan skje, men samtidig også få ei forståing for kor motstanden kjem ifrå. Samfunnet må stille om til å bli eit nullutslepps-samfunn, men samstundes kan det ikkje skje på kva måte som helst – vi må gjennomføre endringane på måtar som er sosialt inkluderande, seier Coenen.

– Med andre ord kan det finnest gode grunnar for at overgangen ikkje skjer så fort som vi vil.

Les også: HVL-forsker Lars Coenen er blant verdens mest siterte forskere

Dilemma for olje-nasjonen

Ein viktig dimensjon i forskingsprosjektet, er å sjå på korleis endring skjer ulikt i ulike regionar. Eit sentralt dilemma for Vestlands-regionen, er at han er svært oljeavhengig. Så korleis gå frå oljebaserte energisystem til meir berekraftige system?

- Paris-avtalen, som Noreg er med på, seier at dette må skje raskt, samstundes hadde det vore dramatisk for samfunnet vårt å brått stenge ned all verdiskaping frå olje og gass. Vi vil sjå på kva type politikk vi treng for å framskunde endringar på slike felt, seier leiar for Mohnsenteret, Stig Erik Jakobsen.

Oppvekst er ikkje likt overalt

Barnehageforskarane frå miljøa i Bergen og Sogndal er også opptekne av geografiske forskjellar i SFF-søknaden sin. Inntil no har det vore slik at forsking på barnehagefeltet har blitt presentert som universell og uavhengig av stad. Anten du er barn i Kina eller barn i Noreg, har premissa vore at det er dei same vilkåra som gjeld for deg innan ein institusjon som barnehagen. Slik er det ikkje, og det må forskarar ta høgde for, meiner søkjarane frå HVL:

– Kva som påverkar barnet i barnehagen, er i stor grad avhengig av kulturelle vilkår – anten det handlar om forskjellar mellom by og land, ulike typar landskap eller til og med, kva for styresett som finst i landet. Før har store internasjonale studiar på barnehagebarn ikkje teke omsyn til slikt, seier Elin Ødegaard, leiar for senteret BARNkunne.