Vil fremme psykisk helse gjennom fellesskap

Å rette innsatsen mot enkeltpersonar som slit, er ofte ikkje nok. Eit stort europeisk forskingsprosjekt leia frå Førde skal sjå på korleis fellesskap kan bli motoren i eit betre liv.

– Du veit den kjensla av å vere med på ein studentrevy, eit samarbeidsprosjekt som svingar, eller eit volleyball-lag. Å kjenne krafta i det å vere del av noko større enn deg sjølv. Dette er nokre av dei mest givande opplevingane eit menneske kan få!

Det seier Christian Moltu, forskar ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde. Nyleg fekk han og samarbeidspartnarar frå åtte europeiske land tilslag på eit stort forskingsprosjekt. Together4MH, heiter det: Saman for psykisk helse. Som eit av tre prosjekt ut av 77 på søkarlista, kom dei gjennom nålauget og får kring 60 millionar kroner i støtte frå EU-programmet Horisont Europa. Det er HVL og Helse Førde som har utvikla prosjektet, og HVL skal leie det.

Dei neste åra skal Moltu og ei rekkje andre forskarar og fagfolk frå Noreg, Finland, Belgia, England, Tsjekkia, Danmark, Sverige og Spania jobbe for å gjere livet betre og tryggare for unge menneske i Europa.

Dei sårbare overgangane

Unge menneske er målgruppa for prosjektet, sidan livsfasane dei går gjennom gjer dei ekstra utsette for psykiske vanskar. Dei tidlege periodane av livet er prega av hyppige og store overgangar: til dømes frå ungdomsskule til vidaregåande skule, skule til studium og skule eller studium til arbeidsliv – berre for å nemne noko.

– Det vi veit psykologisk, er at vane og struktur er veldig beskyttande. Difor blir risikoen for å dette utanfor ekstra stor i overgangane, seier Moltu.

– Viss du blir ståande igjen når livstoget går vidare for andre, så er jobben med å komme seg inn i nye strukturar mykje meir krevjande. Og einsemda du kjenner på då, kan kjennast svært tung.

Alt skjer så fort i ungdommen. Er du borte frå skulen i ein periode, har dei andre i mellomtida hatt eit vell av nye opplevingar saman: gått på festar, vore gjennom tentamenar, lært seg nye matematiske metodar, blitt kjærastar og slått opp igjen. Brått kjenner du deg på sida av ei felles historie som stadig faldar seg ut.

Gamle typar fellesskap smuldrar opp

For nokre år sidan snakka Moltu med ein forskarkollega som hadde sett på lagnaden til ungdomshus og grendehus kringom i Noreg – samlingsplassane som var kjernen i det lokale livet for folk flest på syttitalet, med sine basarar og dansefestar. Desse står no stort sett tomme eller er lite i bruk.

Dette fekk han til å tenkje på kor mykje skrøpelegare fellesskapa våre har blitt.

– Vi lever i eit samfunn der ungdommar sit meir og meir på romma sine og er på skjermane sine, seier Moltu.

Kva då med guten som begynner å kjenne på at ting er vanskelege? Han som kanskje enno ikkje har teke til å rispe seg i armane eller vegre seg for å gå på skulen – men berre har ei kjensle av at noko ikkje stemmer?

– Viss han allereie då kjente at det var ein plass der han kunne gå – eit miljø han kunne finne støtte i - då kunne han blitt redda frå ein krevjande veg.

Må tenkje større enn før

Moltu har i fleire år jobba med helseinnovasjonar som skulle nå flest mogleg som trong hjelp, innanfor eit meir og meir pressa helsevesen. Norse Impact, utvikla i samarbeid med aktørar i næringslivet, er digitale verktøy retta mot pasientar med psykiske utfordringar. Desse kan dei bruke på eiga hand, til dømes mens dei venter på å sleppe til i behandling.

No etterspurde EU forsking som famna endå vidare. «Skalering» er eit viktig stikkord her – korleis finne ein modell som kan nå breitt ut og spreie seg av seg sjølv, skape nye og meir gjennomgripande måtar å sikre folks psykiske helse på?

– Å rette hjelpa mot individet er sjeldan nok aleine, innsåg vi mens vi utvikla prosjektet vårt, seier Moltu.

– Viss ein elev får hjelp til å takle den begynnande angsten sin, mens skulen hennar berre er oppteken av nasjonale prøver, så kanskje vil spiren av god påverknad bli knust av langt sterkare føringar frå miljøet ho er ein del av, seier Moltu.

Christian Moltu sit i ein sofa, ser mot kamera og smiler.

- At vi når opp i sterk konkurranse med etablerte og tradisjonsrike forskingsmiljø frå heile Europa, er eit tydeleg signal om at forskinga vår har svært stor relevans og gjennomslagsagskraft - også internasjonalt, seier Moltu om prosjektet Together4MH. Foto: HVL/Ingvild Festervoll Melien

Mennesket er ikkje ei øy

Det finst eit «vi» som også treng å bli rusta for å betre forstå dei som strevar, såg Moltu. Dette var ein uvand tankegang, ettersom han sjølv, med bakgrunn som psykolog, for det meste har retta merksemda si mot folks indre liv.

I dette prosjektet skal han og samarbeidspartnarane jobbe på heilt andre måtar.

Gjennom sine kontaktar, har forskarar i Førde oppretta samarbeid med folk i ulike land og ulike delar av samfunnet. Skular og ungdomsmiljø i Belgia, Finland og England er med, sidan dei har vore gode på å engasjere ungdom. NTNU er med, sidan dei veit mykje om organisasjonspsykologi og arbeidsliv. Helse Førde er med, og enkelte arbeidsplassar i Spania. Dessutan også EuroAccident, eit stort nordisk forsikringsselskap med ei særskild satsing på haldbare medarbeidarar.

– Alle desse institusjonane kjem til å vere eksempel i forskinga vår, sidan dei jobbar på målretta måtar med å fremme psykisk helse, seier Moltu.

Utvikle og teste ei verktøykasse

Kvar av desse institusjonane sit på sin eigen kunnskap om korleis skape eit psykisk trygt miljø. For å fungere på sitt beste, er det nødvendig at medvitet om dette gjennomsyrer alle nivå: individet, arbeidsfellesskapet og leiinga i ein organisasjon, eller elevar, lærarar og leiing i ein skule.

Det neste året vil alle desse samarbeidspartnarane dele sin kunnskap om korleis dei jobbar med psykisk helse. Slik vil dei utvikle ein meny av ulike tiltak som det går an å ta i bruk. Norse Impact er ein viktig del av verktøykassa, men det internasjonale fellesskapet som står bak prosjektet har også andre verktøy og ekspertiser som organisasjonane får ta del i.

- Når vi har dette klart, vil organisasjonane jobbe ut ifrå dette, og vi vil bruke forsking til å dokumentere resultata. Då håpar vi å finne bevis på kva metodar som fungerer ekstra godt, i form av til dømes lågare sjukefråvær, seier Moltu.

Sidan har kvar av partane forplikta seg til å spreie metodane sine til tre nye institusjonar.

Bildet viser ei stor gruppe menneske som står og ser inn i kamera. Christian Moltu er i midten.

Christian Moltu i lag med forskingsgruppa PERSONFORSK, som han leier. Denne gruppa skal framover jobbe med prosjektet Together4MH. Dei kombinerer innovasjon og forsking som gjensidig forsterkande aktivitetar. Foto: HVL/Ingvild Constance Festervoll Melien

Dei mange små handlingane

Så korleis nøyaktig vil det hjelpe at medvitet om psykisk helse gjennomsyrer ein organisasjon?

Gjennom ei rekkje ørsmå handlingar, trur Moltu.

– Einsemd og sjukdom heng tett saman, i alle typar sjukdommar, seier han.

– Det blir vanskeleg å fortelje om seg sjølv til andre.

Når ei ung jente til dømes går til det skrittet å slutte å ete, så har det allereie vore mange små handlingar som har gjort avstanden til andre kring henne større.

Kanskje blir denne jenta så stressa over prøver at ho tek til å skjelve. På eit tidspunkt finn ho ut at ho ikkje torer å seie noko om dette til vennane sine, fordi ho trur dei vil tenkje at ho er rar, eller støyte henne frå seg. Måtar å snakke på, måtar å vere på, ting som blir sagt eller ikkje sagt – alt dette har vore med på å gjere miljøet kring henne utrygt.

Fordi ho ikkje seier denne eine, sårbare sanninga om seg sjølv, så sluttar ho litt med å seie andre ting også. Dermed veks avstanden, og einsemda.

– Viss vi jobba med å skape miljø der folk kjente det var trygt å vere til stades med heile seg, også dei sårbare delane, så ville denne jenta neppe trekt seg vekk, og neppe blitt sjuk. Det er slike fellesskap vi ønsker å bygge.

Om Horisont Europa