Kven fortener utdanningskvalitetsprisen?

No kan du føreslå kandidatar til utdanningskvalitetsprisen for 2024. Fristen for å nominere er 30. oktober.

Utdanningskvalitetsprisen blir delt ut kvart år og er en anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle utdanningskvaliteten innan eit fagområde eller eit studium ved HVL.

Prisen er meint å inspirere fagmiljø til å arbeide systematisk med å betre utdanningskvaliteten.

Korleis prisen vert delt ut

Utdanningsutvalet har satt ned ein jury som skal vurdere dei nominerte og gjere vedtak om kven som skal få prisen. Prisen vert delt ut i midten av desember.

Ved tildeling av prisen vil det bli lagt vekt på følgjande:

  • Systematisk innsats for å utvikle kvalitet i utdanninga og god tilrettelegging for studentane sitt læringsarbeid.
  • God evne til undervisning og samhandling med studentane, og bruk av nyskapande, varierte og studentaktive arbeids- og vurderingsformer.
  • Systematisk arbeid med mellom anna forskingsbasert undervising, internasjonalisering og studentevaluering.
  • Innsats for eiga fagleg og pedagogisk utvikling.

Her finn du retningslinjer for tildeling av prisen.

Nominer kandidatar i eige skjema

Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan føreslå kandidatar. Forslaga må vere grunngjevne.

Bruk dette skjemaet for å nominere kandidatar 

Send inn skjemaet innan 30. oktober.

Tidlegare vinnarar av utdanningskvalitetsprisen ved HVL

Kontakt: Spørsmål kan rettast til Øystein Backelin, rådgivar i Avdeling for utdanningskvalitet.