UTFORSK-midlar til utdanningssamarbeid om entreprenørskap, fornybar energi og global kompetanse

Regjeringa gir 13 norske universitet og høgskular 90 millionar kroner til internasjonalt utdanningssamarbeid. Her er er dei tre miljøa ved Høgskulen på Vestlandet som får midlar til å utvikle samarbeid på tvers av landegrenser.

Regjeringa har som mål å etablere og styrke utdanningssamarbeidet med nokre utvalde land utanfor Europa. Mellom dei 30 prosjekta som får stønad, har Høgskulen på Vestlandet tre av desse. Prosjekta får tre millionar kvar til fireårige prosjekt. 

Samarbeid med Sør-Afrika om entreprenørskap

Eit av UTFORSK-prosjekta handlar om entreprenørskapsutdanning og har tittelen Norwegian - South African partnership for sustainable entrepreneurial internships (SUSTENTSHIP).

Målet med prosjektet er å styrke partnarskapet mellom universitet og andre aktørar som jobbar med entreprenørskap i Noreg og Sør-Afrika.

– Denne tildelinga frå UTFORSK gjer at vi, tre norske og to sør-afrikanske universitet kan fortsette det gode samarbeidet med inkubatorar, teknologioverføringskontor og industriklynger som jobbar med entreprenørskap, seier professor ved Mohnsenteret og prosjekleiar, Inger Beate Pettersen.

Høgskulen på Vestlandet har samarbeida om entreprenørskap med institusjonar i Sør-Afrika sidan 2015.

I UTFORSK-prosjektet blir oppgåva mellom anna å utvikle internship-program, gjennomføre komparativ forsking på entreprenørielle økosystem, og overføre kunnskap på tvers av landegrensene.

Fornybar energi - Frå forsking til læreplan

Det er for tida stor mangel på kvalifisert arbeidskraft i fornybar energi-sektoren. Dette skuldast mellom anna den lange tida det tek å tilpasse utdanningsplanen til behova i bransjen.

Det andre prosjektet som har fått UTFORSK-midlar er Global Collaborative Research Based Education for Enhancing Performance of Wind Farms (EduWind).

Gjennom prosjektet EduWind vil universitet, forskingssenter og industripartnarar frå Noreg, Canada, India og USA utvikle langsiktige internasjonale partnarskap for å svare på desse utfordringane.

– Målet i EduWind er mellom anna å utvikle ein metodikk som kan bidra til at ny forsking kjem raskt inn i læreplanen. Prosjektet vil også bidra til utveksling av idear og tett samarbeid om utvikling av utdanningsprogram innan fornybar energi, samt utvikling av innhald til mikrokurs og livslang læring, fortel professor og prosjektleiar Maneesh Singh ved Institutt for maskin- og marinfag ved HVL.

Global kompetanse i doktorgradsutdanningar

Det tredje prosjektet som får midlar frå UTFORSK er leia av professor David Hebert ved Institutt for kunstfag. I prosjektet Global Competence and Research-Based Practice in a Doctoral Partnership, er målet å styrke samarbeidet og kvaliteten på doktorgradsutdanningar ved HVL og Education University of Hong Kong. Prosjektet skal mellom anna etablere ein institusjonsavtale og ein utvekslingsplan for lærarar og ph.d.-studentar. COIL-kurs, co-rettleiing av avhandlingar og utvikling av forskingbaserte globale kompetansemodular er også ein viktig del av prosjektet.

HVL er også prosjektpartnar

I tillegg til dei tre prosjekta, er HVL også prosjektpartnar i prosjektet Mathematical toolkit design North-South. Professor Kjellrun Hiis Hauge er med på prosjektet koordinert av USN og med partnar i Sør-Afrika: University of the Western Cape (ZA).