Wind of change

Ove Tobias Gudmestad ivrar for ei praksisnær utdanning som spring ut av behova i maritim næring. Han har vore med å skrive ein omfattande rapport som kan styrke dette tilbodet ved HVL i Haugesund.

Det bles ein nyskapande vind over Haugalandet, og Høgskulen på Vestlandet (HVL) samarbeider med næringslivet for å sikre relevant kompetanse for studentane og fleire bransjar innan maritim næring. Havvind og logistikk knytt til denne nye næringa gir nye utfordringar som må løysast på ein sikker og miljøvennleg måte.

Vindmøller på land har fleire manglar, meiner Ove Tobias Gudmestad, som er professor II ved HVL i Haugesund.

– Nedbygging av natur er éin negativ konsekvens, lyd- og lysureining – med blinking når rotoren går rundt – ein annan. Når folk seier at dei blir sjuke av vindmøller, må ein ta det på alvor. No har vi utarbeidd ein grundig rapport over dagens situasjon og tilråingar til konsekvensutgreiingar for vindmøller til havs. Det er eit langt steg i riktig retning for å sikre ei forsvarleg og berekraftig utvikling av ei ny næring, seier Gudmestad.

Professoren meiner ein må vise til konkrete erfaringar gjort med vindmøller på land og gjere eit skikkeleg arbeid slik at ein unngår problem i utbygginga til havs. Før ein etablerer nye parkar med vindmøller til havs, må det takast omsyn til mellom anna fuglelivet og bandlegging av areal for fiskeri, samt skipstrafikk.

Det er eit næringspolitisk press for å komme hurtig i gang med utbygging, men Gudmestad ønskjer også å unngå feiltrinna frå den landbaserte utbygginga der det til tider gjekk over stokk og stein.

– Vi må våge å høyre på dei som vart råka av vindkraftutbygging og lære av dei. Vi skal utdanne fagfolk og ingeniørar som kan løyse problema vi har identifisert, og som kan oppstå i framtida. Haugesund og næringslivet har stor interesse av å bidra, og dette er ein by som står på for å hevde seg. Mykje ligg til rette for at vi skal få til noko utanom det vanlege, og utdanninga vår er allereie heilt unik, kjem det engasjert frå professoren.

Gudmestad underviser på masternivå og har 44 studentar i studieprogrammet maritime operasjonar. Dei kan sjå fram til at utdanninga blir oppdatert med kunnskap frå den nye rapporten og utviklingsarbeidet som fylgjer i åra som kjem.

Vil du sjå rapporten? Du kan lese den her.