Temaveke

Læringslabane på alle campus vil arrangere temaveke i VR 5.-9. februar. Her kan ein få med seg fleire spennande føredrag innanfor temaet VR! Føredaga vert strøyma til alle læringslabar, sjå program nedanfor.

Program

Mandag 5. februar

kl. 14.00

Figmin XR - Mixed Reality

Bli med å sjå korleis AR kan brukast, og teste sjølv! Figmin XR gir eit godt innblikk i korleis AR fungerar, og ein kan teste Figmin sjølv på alle labar!

Føredraget vert strøyma til Læringslab på alle campusar.

Onsdag 7. februar

kl. 14.00

VR i helse

Alisa Rysaeva kjem å fortel korleis HVL brukar VR ved fakultet for helse, og det vil vere mulighet for å teste ulike appar og VR briller etterpå

Føredraget vert strøyma til Læringslab på alle campusar.

Fredag 9. februar

kl. 11.00

Kvifor og korleis kan Virtual Reality støtta studentanes læring i høgare utdanning?

Glenn Øvrevrik Kjerland forskar på bruken av VR i samanheng med læring, kom innom i lunsjen for å høyre på Glenn fortelje om det han har funne ut.

Føredraget vert strøyma til Læringslab på alle campusar.

Det vil vere VR-briller med spel tilgjengelige på Læringslabane heile veka for alle som vil prøve seg! Vi køyrer også spelkonkurranse gjennom heile veka, med premie!