I god tid før første nettsamling

Nokre vesentlege brikker må være på plass før første nettsamling kan starte. Du må sjekke at du sjølv har det utstyret som du treng, og eventuelt skaffe det du manglar. Du må også klargjere datamaskina di for bruk i Zoom.

Krav til utstyr

Har du det utstyret du treng for å kunne gjennomføre nettsamlinga på ein god måte?

Datamaskin

Du kan bruke alle HVL sine standard datamaskiner til nettundervisning. Dersom du vil bruke ei anna datamaskin, berbar eller stasjonær, kan du ta kontakt med IT-avdelinga.

Webkamera

Du bør bruke eit webkamera med usb-kobling. Dersom du ikkje har eit slikt kamera, kan du ta kontakt med IT-avdelinga.

Bærbare datamaskiner har ofte innebygde webkamera. Sjølv om du har eit innebygd kamera, vil vi anbefale at du brukar frittståande kamera i nettundervisinga – både til nettsamling og ressursforelesing. Dette fordi frittståande webkamera kan brukast meir fleksibelt, og ofte gir betre bildekvalitet.

Headset og mikrofon

Det er svært viktig at lydkvaliteten i undervisinga er god. Du treng difor ein god mikrofon.

Vi anbefaler at du brukar headset med mikrofon. Dersom du treng eit headset til din kontorplass, kan du ta kontakt med IT-avdelinga.

Lyd via innbygde mikrofonar i kamera eller pc gjev svak lydkvalitet og kan medføre ekko for andre deltakarar i nettrommet. Slike mikrofonar bør ikkje nyttast.

Skjerm

Du kan bruke ein av HVL sine standard skjermar når du skal gjennomføre nettundervising.

Dersom du ynskjer å bruke ein annan skjerm, til dømes på bærbar pc, anbefaler vi at du brukar ein skjerm som er minst 13 tommar stor. Dette for å oppnå god lesbarheit.

Erfaring viser at det kan vere gunstig å bruke to skjermar. Dette gjer det lettare å dele innhald frå skjemen, og samtidig ha oversikt over kommunikasjon i nettrommet. Har du kun ein skjerm tilgjengeleg på kontoret? Ta kontakt med IT-hjelp så ordnar dei det.

Nettforbindelse

For å få eit stabilt bilete og god lydkvalitet er det viktig at du har stabil nettforbindelse.

Nettforbindelsen ved HVL sine Campus fungerer godt.

Dersom du underviser frå andre lokasjonar, må du sjekke at du har god nok nettforbindelse. Forbindelsen må ha lav grad av pakkeforsinking (<50Ms). Du må ha minimun 5Mbps hastigheit nedlasting, og 0,5 Mbps opplasting.

Vi anbefaler at du ikkje held nettsamlingar over trådlaust nett, men at du brukar kabla nettforbindelse mellom datamaskin og router.

Nettlesar

Vi anbefaler nettlesarane Microsoft Edge og Google Chrome og Mozilla Firefox, då desse er kompatible med Zoom.

Microsoft Internett explorer har dårleg kompatibilitet med Zoom, og vert ikkje anbefalt.

Du må ha siste versjon av nettlesaren installert. Sjekk din nettlesar her.

Dersom du treng å installere eller oppdatere nettlesarar på datamaskiner knytt til Høgskulen på Vestlandet, skal du gå til Programvaresenteret. Du kan finne Programvaresenteret i start-menyen.

Klargjer datamaskina - første gong i Zoom

Når du har fått på plass alt naudsynt utstyr, kan du sette i gang med å klargjere datamaskina for bruk i Zoom.

Installer Zoom

Har du HVL-PC skal Zoom allereie vera installert. Sjekk om du har appen installert ved å søke etter den i søkefeltet nederst til venstre på menylinja. Dersom du ikkje finn Zoom på PC'en din kan du installere den frå Programvaresenteret. Det er tilstrekkeleg å gjere denne prosedyren ein enkelt gong.

Test at lyd og bilde fungerer godt

Dårleg lyd- og bildekvalitet ved ditt eige utstyr kan forstyrre studentane si oppleving av undervisningssituasjonen, og svekke utbyttet av undervisninga. Du må difor teste lyd og bilde for å forsikre deg om at det tekniske fungerer godt.

Start kvar undervisningssesjon med å velge "Test Speaker and Microphone" før du går inn i Zoom-rommet. Dersom du opplever utfordringar med lyd etter at undervisninga har starta finn du samme valget ved å trykke på den vesle pila ved sida av lyd-ikonet. Der kan du òg velge rett mikrofon og høgtalar, samt teste og justere lyden.

Det kan vere vanskeleg å oppdage dårleg lydkvalitet i mikrofon og høgtalar når du er einaste deltakar i eit rom. Dette gjeld særleg problem med ekko. Vi anbefalar difor at du før første undervisning i Zoom – og etter at du har retta opp i evt problem – avtalar eit nettmøte med ein kollega som er kjent i Zoom, slik at du også får sjekka lyd og bilde saman med andre.

Informasjon til studentane

Som emneansvarleg for eit nettkurs, må du forsikre deg om at studentane dine har den informasjonen dei treng før studiestart. Du må opplyse dei om kor dei kan finne denne informasjonen. For at alle skal få ei god oppleving av første nettsamling, er det avgjerande at det tekniske fungerer godt for alle deltakarar. Dersom du er timelærar, eller startar din undervisningsblokk etter at studentane har kome i gang med nettsamlingar, vil mykje av dette alt vere ordna.

Studentane treng informasjon om krav til utstyr, korleis dei kan klargjere sine datamaskiner for bruk i Zoom, kvar og korleis dei kan logge seg på Zoom og korleis dei kan delta aktivt i ei nettsamling.