Synkron og asynkron nettundervisning

Du som undervisar på nett har store moglegheiter for å variere undervisninga. Du kan legge til rette for mange ulike læringsformar, og du kan gje studentane tilgang til varierte læringsressursar i ulike medium. Nettundervisning gir også ein unik sjanse til å arbeide og lære i nettverk, og utvikle kunnskap i samspel med andre (Fleksibel Utdanning Norge, 2017). Vi skil her mellom synkron og asynkron nettundervisning.

Synkron undervisning

Ved synkron nettundervisning vil studentane møte til undervisning i eit virtuelt klasserom til angitt tid. Dette kallar vi nettsamlingar. Vi brukar konferanseverktøyet Zoom til slike møter på nett. Her kan du sjå og kommunisere med studentane dine i sann tid, du kan presentere faget ditt ved hjelp av ulike medium, og du kan aktivisere studentane på ymse vis.

Det er viktig at alle som skal delta i ei nettsamling, har dei tekniske og praktiske føresetnadane på plass. Det handlar om utstyr, programvare, innstillingar og tilgang til nettrom. Dersom du og/eller studentane dine er nye i Zoom, må du difor bruke litt tid på dette.

Når du skal til med nettundervisning er vala mange, og du som underviser må tenkje godt gjennom korleis nettundervisninga skal vere. Her vil du finne tips som kan vere lurt å undersøkje før du går i gang med ei nettsamling. Du finn tips til korleis du kan bli kjent med studentane, og ulike verktøy du kan nytte når du planlegg ei økt.

Her vil du finne informasjon om korleis du gjer opptak av ei økt, tips til måtar du kan starte ei økt på og korleis du kan la studentane introdusere seg sjølv.

 

Asynkron undervisning

Omgrepet asynkron nettundervisning kan omfatte alt frå små videosnuttar til massive opne online-kurs (MOOC). Her fokuserer vi på det vi kallar ressursforelesingar. Fleire av Høgskulen på Vestlandet sine nettbaserte kurs vekslar mellom nettsamlingar og ressursforelesingar. Ei ressursforelesing er ei undervisningsøkt som kan bestå av ulike videosnuttar, lydopptak/podcast, tekstar, individuelle oppgåver, quizar og diskusjonsforum. Ei slik forelesing kan du lage ferdig lang tid før den skal publiserast. Denne undervisningsforma er difor nesten like fleksibel for deg som underviser, som for studentane. Ressursforelesingane publiserer du som undervisar på læringsplattformen Canvas.

Variasjon

Som i all anna undervisning er det også gunstig med variasjon i ressursforelesinga. Prøv difor å veksle mellom ulike presentasjonsformer og aktivitetar. Dersom du har mykje fagstoff som du ønsker å presentere i video-format, kan det vere lurt å lage fleire korte videosnuttar i staden for ein lang. Legg gjerne inn enkle aktivitetar mellom videosnuttane.

Gjennomføring

Studentane kan sjølv velje kvar og kva tid dei skal gjennomføre ressursforelesinga. Det er likevel vanleg å kreve/forvente at studentane skal gjennomføre den innan neste nettsamling. Prøv å lage ressursforelesinga slik at forventa arbeidsmengde er omtrent lik varigheita av ei nettsamling.

 

Verktøy og gode råd

Her har me samla brukarrettleiingar for Zoom og andre verktøy som er gode å bruke både i synkron og asynkron nettundervisning samt gode råd ved bruk av video i undervisning.