Covidence
Covidence er eit nettbasert verktøy som ein brukar når ein arbeider med ulike typar oversiktsartiklar. Som student eller tilsett ved HVL kan du få tilgang.
Kva kan Covidence brukast til?
Covidence kan brukast i fleire delar av arbeidet med ein oversiktsartikkel.
- Screening av tittel og samandrag
- Screening av fulltekst
- Dataekstraksjon
- Vurdering av metodisk kvalitet
Covidence lagar også eit PRISMA flytskjema over prosessen.
Få tilgang
Opprett konto hjå Covidence for å få tilgang.
Deretter kan du logge deg inn direkte på sidene deira.
HVL har ein lisensavtale med Covidence, der alle studentar og tilsette kan opprette og gjennomføre reviewarbeid.
Les meir om tilgangen på Covidence sine sider.
Kom i gang
I videoen under får du ei innføring i korleis du brukar Covidence.
Du vil også finna mykje nyttig på Covidences hjelpesider.
Kontakt Gunhild om du har spørsmål om Covidence: