Finn litteratur og fagstoff

Som student eller tilsett ved HVL har du gratis tilgang til mange gode informasjonsressursar, både trykte og digitale. Dei digitale ressursane har du også tilgang til heimefrå.

Korleis finn eg?

Bøker

Søk etter bøker i Oria for å sjå om biblioteket har boka du treng. I Oria vil du finne både våre trykte bøker og våre e-bøker. (Les meir om e-bøker)

Er boka du treng utlånt, kan du sette deg på venteliste. Logg på i Oria for å reservere. 

Finn du ikkje boka du leiter etter kan du be om å få bestilt denne inn frå eit anna bibliotek eller foreslå innkjøp

Artiklar

Treng du artiklar om eit bestemte kan du gjerne starte med søk i Oria, men det mest nøyaktige søket gjer du ved å søka i ein av biblioteket sine fagdatabasar. Du kan òg søke etter artiklar i Google Scholar.

Sjå Orias E-tidsskrift-søk om du ønskjer å søke på tidsskrifttittel.

Aviser

I tillegg til papiraviser hjå ditt kampusbibliotek, finn du aviser følgjande stader:

Atekst
Atekst gir deg fullteksttilgong til redaksjonsarkiva til dei fleste store norske avisene og fleire mindre.

Nasjonalbiblioteket
Tilgang til eldre digitaliserte aviser: Nasjonalbibliotekets digitale avistjeneste.

Pensum

Sjå pensumlister.

Alle biblioteka har pensumbøker og eit eksemplar som kan lånast på dagslån. Ta kontakt med ditt campus-bibliotek om noko manglar.

Ordbøker

På nett finn du blant anna Bokmålsordboka og Nynorskordboka og den omfattande Ordnett (Kunnskapsforlagets blå ordbøker på fleire språk).

Sjå elles biblioteket si fullstendige oversikt over ordbøker ved HVL.

Du finn òg trykte ordbøker på alle biblioteka.

Studentoppgåver

Tidlegare studentoppgåver finn du i fulltekst i vårt vitenarkiv HVL Open.
Masteroppgåver frå alle studiestader er også søkbare i Oria.

Dette finn du i HVL Open frå dei enkelte campus

Bergen
Masteroppgåver.

Haugesund, Stord, Sogndal og Førde
Bachelor- og masteroppgåver.

Haugesund og Stord: Før 2008 vart alle masteroppgåver publisert, etter dette berre oppgåver med karakteren A, B eller C. Alle publiserte bacheloroppgåver frå og med 2008 har karakteren A eller B.

Sogndal og Førde: Bacheloroppgåvene er A- og B-evaluerte.

Bilete til bruk i oppgåva mi

Skal du bruke andres bilete i oppgåva di må du være obs på at du anten sjølv må innhente tillatelse til å bruke det, eller at bilete du bruker allereie er rettighetsklarert.

Som student ved HVL kan du fritt bruke bilete frå biletdatabasen Britannica ImageQuest.

Kvart bilete har informasjon om kjelda og ferdig utforma referanse m.a. i APA. Opprett eigen konto om du vil spara bilete utan å lasta ned. Quick tour gir deg ein kort gjennomgang av databasen.

Du kan òg finne bilete til fri bruk via  Creative Commons Search, eller søk i Google på "Bilder uten copyright".

Les meir om bruk av andres bilete.

Læremiddel

Alle campus som tilbyr lærarutdanning, har eigne samlingar med læremiddel. Sjå info om desse samt lenker til digitale læringsressursar på sida Læremiddel for grunnskulen.