Skrivehalvtimen

Er du student og skal i gang med å skrive oppgåve? Lurer du på korleis du går frå tema til problemstilling? Har du god struktur og flyt i teksten og i avsnitta du skriv? Bruk Skrivehalvtimen.

Kva skjer i Skrivehalvtimen?

Skrivehalvtimen begynner med å definere kva du treng hjelp med. Ta med nokre idear, ei skisse, eller eit utkast av ein tekst du jobbar med. Du kan òg kome med konkrete spørsmål relatert til skrivearbeidet. Gjennom dialog ser vi på kva grep du kan gjere for å kome vidare med oppgåva di.

Merk at Skrivesenteret er meint som eit tilleggstilbod. Det erstattar ikkje rettleiing frå faglærarar.

Tenesta varer inntil ein halvtime.

Når og kvar treff du oss?

Bergen

Vi rettleier fysisk og digitalt.

Du møter oss:
Digitalt på måndag, tysdag og torsdag, kl. 13-17.
Fysisk på måndag og torsdag, kl. 13-17 på D130 (rommet bak biblioteket) eller K109 (i sjølve biblioteket). Spør i skranken! 

Bestill time

Sogndal

Vi rettleier fysisk og digitalt.

Du møter oss:
Digitalt på måndag, tysdag og torsdag, kl. 13-17.
Fysisk på tysdag og onsdag kl. 13-17 på rom H4099 i biblioteket. Spør i skranken! 

Bestill time

Stord

Vi rettleier fysisk og digitalt.

Du møter oss:

  • Digitalt måndag, tysdag og torsdag, kl. 13-17.
  • Fysisk måndagar kl. 10-14, bestill avtale under. 
Bestill time

 

Førde, Haugesund

Vi rettleier digitalt måndag, tysdag og torsdag, kl. 13-17. 

Bestill time

Følg oss også på Facebook og Instagram (@skrivesenterethvl), der deler vi stadig ut gode skrivetips. 

Kven er vi?

Vi er skriverettleiarar og masterstudentar. På måndagar møter du Marie Skålnes og Johanne Halland Fridtun i Bergen. Per Aslak Myraunet møter du på tysdagar og Ingrid Emilie Aarflot på onsdagar, begge sit i Sogndal, medan Caroline Sivertsen og Miriam Kildedal er i Bergen på torsdagar.


Marie Skålnes og Johanne Halland Fridtun i Bergen


Ingrid Emilie Aarflot og Per Aslak Myraunet i Sogndal


Miriam Kildedal og Caroline Sivertsen i Bergen

- Vi ser fram til å treffe deg og lese det du skriv.

Skrivesenter

Skrivesenteret ved HVL koordinerer skriverettleiingstilbodet i biblioteket. Dei organiserer Skrivehalvtimen, skriveverkstader og kurs i akademisk skriving. Ph.d.-kandidatar og forskarar er velkomne til å ta kontakt for manusrettleiing.