Skrivehalvtimen

Er du student og skal i gang med å skrive oppgåve? Lurer du på korleis du går frå tema til problemstilling? Gjer du gode nok søk? Har du god struktur og flyt i teksten og i avsnitta du skriv? Bruk Skrivehalvtimen.

Kva skjer i Skrivehalvtimen?

Skrivehalvtimen begynner med å definere kva du treng hjelp med. Ta med nokre idear, ei skisse, eller eit utkast av ein tekst du jobbar med. Du kan òg kome med konkrete spørsmål relatert til skrivearbeidet. Gjennom dialog ser vi på kva grep du kan gjere for å kome vidare med oppgåva di.

Når og kor treffer du oss?

Stengt for sommaren frå 20. juni.

Vi rettleiar både fysisk og digitalt måndag, tysdag og onsdag, kl. 13-16.

Tenesta varer inntil ein halvtime. Du er velkomen til å oppsøke Skrivehalvtimen fleire gongar.

Følg oss også på Facebook, der deler vi stadig ut gode skrivetips.

Kven er vi?

Vi er skriverettleiar og masterstudentar. På måndagar møter du Marie Skålnes i Bergen. Per Aslak Myraunet møter du på tysdagar og Ingrid Emilie Aarflot på onsdagar, begge er i Sogndal.

- Vi ser fram til å treffe deg og lese det du skriv.

SkriverettleiararSogndal2022.jpgIngrid Emilie Aarflot og Per Aslak Myraunet.

SkrivehalvtimenMarie.jpgMarie Skålnes