Skriveverkstader

Skriveverkstadene er lagt opp med presentasjon av dagens tema med eksempel henta frå tidlegare studentoppgåver frå aktuelle fagmiljø, og viktigast, skrivearbeid med eigen tekst.

Vi tilbyr ulike verkstader:

Studieteknikk: Klarer du å halde fokus?

Dei sosiale og teknologiske rammene rundt studiekvardagen kan øydelegge ein god arbeidsflyt. Korleis går du fram når du skal forstå kva du skal gjere i eit fag, korleis finn du fram til krava innanfor emnet ditt og korleis les du fagtekstane? Nokre gonger er det ikkje BERRE di skuld at du ikkje klarer å konsentrere deg. Vi hjelper deg til sjølvhjelp.

Prosjektskisse

Kva kjenneteiknar ei god prosjektskisse? Korleis førebur du oppgåva di frå bakgrunn, tema, og teoretisk perspektiv til problemstilling og forskingsspørsmål? Målet med prosjektskissa er å førebu deg på vidare utvikling av oppgåva du skal i gang med. Ei god prosjektskisse kan fungere som utgangspunkt for struktur i vidare tekstarbeid.

Disposisjon / struktur

Disposisjon, eller struktur, er skjelettet i oppgåva du skal skrive. Her går vi inn på kva ein god disposisjon er, og korleis strukturen i oppgåva er med på å kommunisere med lesaren og bygge opp forventingar til nettopp din tekst.
Vi tar utgangspunkt i generelle empirisk strukturerte oppgåver.

Litteraturgjennomgang

Litteraturgjennomgang er din introduksjon til tema og her viser du kor du står i høve til forskinga du skal i gang med og korfor du har valt ut akkurat desse sentrale forskarane og teoriane deira.

Poenget med litteraturgjennomgang er å synliggjere korleis du kommuniserer med forskingsfeltet og korleis det du skal i gang med bidrar til å utvide feltet.

Tida til eiget arbeid blir brukt både til informasjonssøk i djupna og til å skissere kva du skal ta for deg i litteraturgjennomgangen din.

Argumentasjon

Store delar av akademiske tekstar byggar på diskusjonar og argumentasjonar. Kurset i argumentasjon vil vere med på å synliggjere problemstillinga di og hovudargumentasjonane du tar for deg i oppgåva.

Kva er premissa for forskinga di? Kven argumenterer du på vegne av og korleis gjer du det? Kva er det faglege formålet med oppgåva di?

Vi jobbar med å kjenne att ulike typar argumentasjon både i eigen tekst og i andre sine tekstar.

Norsk som andrespråk i høgare utdanning

Ulike fag har ofte ulike krav til både sjanger og måten ein brukar språket på. Dersom du har norsk som andrespråk og tykkjer det kan vere utfordrande å skrive akademiske tekstar, forstå dei ulike krava til oppgåvesjangrar eller kjem frå ein annan akademisk tradisjon så er dette kurset for deg!

På denne skriveverkstaden skal me sjå nærare på forventingar til oppgåveskriving i høgare utdanning. Vi skal blant anna sjå nærare på:

  • Ulike oppgåvesjangrar i ulike fag på HVL
  • Sjangerkrav i den akademiske oppgåva
  • Når og korleis di eiga stemme skal kome til syne i den akademiske teksten

For å sikre at du får best mogeleg utbytte av kurset så ønskjer vi at du sender nokre linjer der du skriv kva fag du studerer, og eventuelle utfordringar du møter i arbeidet med den akademiske teksten.