Å navigere i endra vilkår for utdanning: Ein casestudie av musikkpraksis på masternivå i norsk grunnskulelærarutdanning

Silje Meling Bjørnevoll disputerer 17. januar 2025 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga: Navigating educational change: A case study of music practicum at the master’s level in Norwegian general teacher education.

Bakgrunn for avhandlinga  

Ei ny reform for norsk grunnskulelærarutdanning (GLU) blei implementert i 2017. Denne studien undersøker praksiskomponenten på masternivå, som representerer ein ny del av GLU. Det overordna målet i doktorgradsprosjektet er å auke kunnskapen vår om korleis sentrale aktørar, inkludert lærarstudentar, praksislærarar og profesjonsrettleiarar, tilpassar seg og handterer nye vilkår for praksisopplæringa i GLU knytt til musikkfaget. 

Sentrale funn

Doktorgradsprosjektet har eit kvalitativt case-design der Bjørnevoll har gjennom omfattande datainnsamling oppnådd detaljerte skildringar om og innsikt i utdanningspraksisar og prosessar som aktørane tek del i undervegs i praksisopplæringa. Studien sine primære datakjelder er ikkje-deltakande observasjon og fokusgruppeintervju. Avhandlinga består av tre artiklar og ei kappe som samla sett bidreg til å undersøkje korleis visse aktørar navigerer endra vilkår for praksisopplæringa.

Sentrale funn viser at lærarstudentane hadde avgrensa moglegheiter til å gjere endringar i løpet av praksisopplæringa, til dømes når det gjeld å øve på og utføre agentiske handlingar fordi praksislærarane forstyrra undervisningssituasjonar eller at dei posisjonerte seg sjølve som observatørar i klasseromma.

Eit anna funn peiker på korleis praksissamtalar ofte resulterte i forhandlingar om val av musikkaktivitetar og repertoar mellom lærarstudentane og rettleiarane. Sjølv om aktørane delte ei interesse for performativt-orienterte aktivitetar, møtte lærarstudentane hindringar i å gjennomføre endringar i tråd med den nye læreplanen i musikk på grunn av praksislærarane si vektlegging av personlege preferansar og daglege praksisar.

Eit tredje funn viser at nye diskursar og forskingsbaserte krav som følgje av endringar i GLU-reforma baud på utfordringar når det gjaldt å integrere lærarstudentane sine masteroppgåver og være forskande lærarar i praksisopplæringa. Funna indikerer at profesjonsrettleiarane har tilpassa seg institusjonelle og utdanningspolitiske endringar. Likevel oppstod det utfordringar i å integrere slike endringar i praksisopplæringa, og for lærarstudentane og praksislærarane å møte akademisk-orienterte forventningar som blei kommunisert av profesjonsrettleiarane.

Mål om å utvide, utvikle og endre utdanningspraksisar

Studien sitt sentrale bidrag er auka kunnskap om den nye praksiskomponenten på masternivå i GLU, både knytt til innhald i undervisning og rettleiing, samt integreringa av nye forskingsbaserte krav. I tillegg bidrar studien i særleg stor grad med nye teoretiske perspektiv knytt til forsking på praksisopplæring i musikkfaget ved å reise nye spørsmål om endra vilkår som dei sentrale aktørane må navigere i.

På grunnlag av funn i studien peiker Bjørnevoll på eit behov for auka medvit om studentar sitt handlingsrom i praksisopplæringa, særleg på masternivå. I tillegg kan auka medvit om utdanningspraksisar på ulike nivå og om studentar sine ressursar og kunnskap dei har med seg bidra til å likestille det tradisjonelle meister-lærling-forholdet mellom dei og rettleiarar.

For å førebu lærarstudentar på komplekse realitetar i deira framtidige læraryrke foreslår Bjørnevoll å gje rom for å utfordre status quo og at aktørar legg til rette for både kaos og orden i musikkromma. I tillegg føreslår ho å tenkje nytt om rettleiing i praksisopplæringa med større fleksibilitet og openheit for eit mangfald av perspektiv der ny kunnskap og nye relasjonar kan oppstå. Å navigere dei endra vilkåra i praksisopplæringa er utfordrande og krev auka samarbeid med klargjorde roller om ansvar, både innanfor og utover praksiskomponenten i GLU. Studien kan bane veg for at aktørar går utanfor eiga komfortsone i ukjende og kjende landskap som kan bidra til å utvide, utvikle og endre utdanningspraksisar.


Silje Meling Bjørnevoll

Personalia

Silje Meling Bjørnevoll (f.1984) er oppvaksen i Kinsarvik i Ullensvang, og er busett i Bergen. Bjørnevoll har mastergrad i musikkpedagogikk frå Høgskolen i Bergen, og har sidan 2020 vore tilsett som stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet. Avhandlinga Å navigere i endra vilkår for utdanning: Ein casestudie av musikkpraksis på masternivå i norsk grunnskulelærarutdanning har vore ein del av det større prosjektet Music Teacher Education for the Future (FUTURED) og knytt til ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. 

Prøveforelesning

Tid: fredag 17. januar 2025 kl. 09.00 - 10.00
Stad: HVL, Campus Bergen, Auditorium M005

Tema for prøveforelesinga er: Kompleksitetsteoriens særlige bidrag til musikklærerutdanningen som forsknings- og praksisfelt.

Disputas 

Tid: fredag 17. januar 2025 kl. 10.30 - 14.00
Stad: HVL, Campus Bergen, Auditorium M005

Prøveforelesing og disputas er open for alle interesserte. Prøveforelesing og disputas vil gå føre seg på norsk og blir strøyma.

Zoom-lenke:

https://hvl.zoom.us/j/69607772056?pwd=pn8pOST2I7cbXxTVbAe0FUC4T2mKf4.1

Passcode:418623
Webinar ID: 696 0777 2056

Sakkunnig komité 

  • Førsteopponent: Professor Cecilia Ferm Almqvist, Södertörns högskola

  • Andreopponent:  Professor Jessica Marianne Aspfors, Nord Universitet

  • Komité leiar: Sigve Høgheim, Høgskulen på Vestlandet

Rettleiarar

  • Professor Silje Valde Onsrud, Høgskulen på Vestlandet

  • Professor Catharina Christophersen, Høgskulen på Vestlandet