
Studiar av danning og didaktiske praksisar
Ph.d.-studiet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ei forskarutdanning for personar som ønsker å kvalifisere seg til vitskapeleg arbeid og forsking innanfor feltet danning og didaktiske praksisar slik dette problemområdet utfaldar seg i relevante sektorar som utdanning, opplæring og kultur.
HVL utdannar lærarar til barnehage, skule og kultursektor, og ph.d.-studiet knytter saman undervisnings- og læringspraksisane i desse institusjonane med studier av sentrale danningstekstar og forskingsutfordringar i feltet.
Undervisning våren 2023
PHD902 Vitenskapsteori, etikk og akademisk tekstarbeid, veke 3 og 7, emneansvarleg: Tiri Bergesen Schei
PHD903 Forskningsmetodologi og -design, veke 16 og 21, emneansvarleg: Hein Berdinesen
PHD904 Kunstfagdidaktikk, veke 12 og 16, emneansvarleg: Silje Valde Onsrud
PHD905 Lærerprofesjon, veke 22, emneansvarlege: Bodil Ravneberg og Kari Ludvigsen
PHD909 Utdanningsretorikk, veke 12, emneansvarleg: Tom Are Trippestad
PHD911 Non-Western Educational Philosophy and Policy, veke 18/19, emneansvarleg: David Hebert
PHD915 Multimodal Literacy and Aesthetic Engagement, veke 10, emneansvarlege: Zoltan Varga og Jena Habegger-Conti
Nyttig informasjon