Hopp til innhald

PHD914 Kroppsleg danning

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er ein valfri del av PhD-studiet: Studiar av danning og didaktiske praksisar. Det er retta mot studentar som ønskjer ei vidare fordjuping i teoretiske perspektiv relatert til kroppsleg danning og dette fenomenets betydning for didaktiske praksisar.

Dei teoretiske perspektiva i emnet har opphav både i idehistoriske, fenomenologiske og sosiokulturelle tekstar. Sentralt i emnet står perspektiv som tar opp «Menneskeliv og danning gjennom kroppen». Det handlar om prosessar som fungerer som formande for menneske og korleis menneske er med på å forma seg sjølv og omverda.

Ein sentral dimensjon i emnet er å tenkje kritisk om korleis ulike perspektiv om kropp, bevegelse og kosthald blir forstått, operasjonalisert og erfart i ulike didaktiske praksisar der fagspesifikke problemstillingar høyrer heime.

Emnet er ramma inn av ulike perspektiv på kroppens betydning for forsking om danning og didaktikk innanfor fagområde som folkehelse, friluftsliv, utdanning og trening. Emnet legg til rette for at deltakarar frå ulike fagområda kan utforske omgrep, praksisar og vitskaplege tradisjonar, og trekke dette inn i ein debatt om danning. Det skal óg gje deltakarane i emnet rom til å utvikle eit sjølvstendig og kritisk perspektiv på didaktiske praksisar der kropp, bevegelse eller kosthald står sentralt.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om korleis perspektiv på kroppslig danning kan inngå i eige forskings- og utviklingsarbeid
  • kan bidra til utvikling av at perspektiver på kroppslig danning gjøres relevant i forskning i felt som folkehelse, friluftsliv, utdanning eller bevegelse/trening.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere problemstillingar, planlegge og gjennomføre forskings- og utviklingsarbeid innenfor emnets tematikk
  • kan analysere materiale som omhandler emnets innhald

Generell kompetanse

Studenten

  • kan identifisere og analysere relevante etiske problemstillingar som gjeld kunnskapsutviklinga i eige fag og inkludere kroppen i eit tverrfagleg danningsperspektiv.
  • kan drøfte og formidle fagstoff om kroppslig danning. folkehelse, utdanning eller bevegelse/trening til allmenta, studentar eller til fagfelle gjennom etablerte nasjonale og internasjonale kanalar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga i emnet føregår vanlegvis over eitt semester. Den kan også gjennomførast over ein kortare og meir intensiv periode for å gjera det aktuelt for studentar frå andre institusjonar å delta. Førelesingar, seminar, rettleiing og verkstader er lagt opp med studenten som aktiv deltakande. Det er lagt opp til at studentane skal presentere litteratur og ha mindre framlegg om eige PhD-prosjekt og sjølvvalt faglitteratur som er relevant for emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Munnleg presentasjon av utkast til kort vitskapleg tekst.

Den obligatoriske læringsaktiviteten blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Læringsaktiviteten må vere godkjent til fastsatt frist for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Oppgåve i form av ein vitskapleg tekst på 3000 - 3500 ord som er knytt til sentrale problemstillingar i emnelitteratur og eige PhD-prosjekt.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Vurderinga blir gjort av intern og ekstern sensor i tråd med læringsutbytteskildringar i emnet.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel