Mari Skjerdal Lysne disputerer

Mari Skjerdal Lysne disputerer 12. mars for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga «Literary multimodal literacy in the English subject in Norway».

Multimodale tekstar er tekstar som nyttar fleire ressursar for å skapa meining, til dømes språk, bilete, lyd eller rørsler. Dette er ei tekstforståing ein finn att i den gjeldande læreplanen for engelskfaget i Noreg. I doktorgradsprosjektet sitt undersøkte Lysne elevar og lærarar sine møte med multimodal litteratur.

Vektlegg det estetiske i litteraturundervisninga

Lysne nyttar omgrepet litterær multimodal literacy, som på norsk kan omsettast med tekstkompetanse, som eit omdreiingspunkt i avhandlinga si. Når elevar og lærarar møter multimodal litteratur, til dømes teikneseriar eller biletbøker i engelskundervisninga kan dei ikkje berre lesa orda, men òg ta omsyn til visuelle element. Dette trengst for å forstå heilskapen av det ein les.

Elevar må i dag kunne både forstå og nytta ei mengd ulike måtar å skapa meining, og det er dette som er meint med multimodal literacy. Når tekstane i tillegg er litterære, altså estetiske objekt, må dei lesast på ein annan måte enn når ein les tekstar som skal informera eller argumentera – ein treng altså ein litterær literacy. Omgrepet litterær multimodal literacy vektlegg det estetiske i litteraturundervisninga.

Samarbeidde med lærarar på ungdomsskulen

Avhandlinga er delt inn i tre artiklar, der kvar artikkel undersøker ulike aspekt av litterær multimodal literacy frå elev- og lærarperspektiv. Lysne nytta eit forskingsdesign med fleire fasar som bygger på kvarandre. I den fyrste fasen undersøkte Lysne ungdomsskuleelevar sitt arbeid med ein multimodal litterær tekst, ei biletbok. Funna viser at elevane viste litterær multimodal literacy slik det var definert her, men at nokre av ferdigheitene var mindre synlege. Dette tyder på at ein i undervisinga bør ha eit eksplisitt fokus på dei multimodale elementa i litterære tekstar og legga til rette for nok tid til utforsking, samarbeid i klasserommet og eigna støtte frå læraren.

Den andre artikkelen undersøker lærarar si forståing av multimodalitet og multimodal literacy etter deltaking i eit etter- og vidareutdanningsemne engelsk. Studien viser at eit slikt fokus i etter- og vidareutdanning kan bidra til auka medvit om multimodalitet og didaktiske moglegheiter, men òg at det må reknast som eit fyrste steg i ei lenger utvikling.

To av lærarane i den andre delstudien deltok òg i den tredje. Her samarbeidde Lysne med lærarane om å planlegga undervising i to ungdomsskuleklassar. Korleis elevane møtte og samhandla med ein multimodal litterær tekst vart sett i samanheng med estetisk erfaring, som er forstått som prosessar knytt til å sansa, å føla og å forstå.

– Sentralt for meiningsskaping i verda me lever i

Avhandlinga undersøker samanhengar mellom multimodalitet og litteratur, med vekt på estetisk erfaring og meiningsskaping. I avhandlinga såg Lysne på teoretiske og didaktiske sider ved litterær multimodal literacy, og tilpassa, implementerte og undersøkte i ulike kontekstar. Avhandlinga syner moglegheiter i møtet med multimodal litteratur i engelskfaget. Det er ein måte å nærma seg multimodalitet og multimodal literacy generelt, som er sentralt for meiningsskaping i verda me lever i. I tillegg kan multimodal litteratur lettare opna for nysgjerrigheit og utforsking i litteraturundervisinga.

Personalia

Mari Skjerdal Lysne har mastergrad i engelsk litteratur frå Universitetet i Bergen, og har sidan 2017 vore tilsett ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ho har vore stipendiat ved ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved HVL.

Prøveførelesing

Tid: Torsdag 12. mars kl. 09.00-10.00

Stad: Auditorium Storen, Sogndal

Tema for prøveførelesing: Theoretical Frameworks Bridging Literature and Multimodality: What are the key theoretical frameworks that bridge literary studies and multimodal theory? How can these combined perspectives inform pedagogical approaches that align with the English subject curriculum in Norway?

Disputas

Tid: Torsdag 12. mars kl. 10.00-14.00

Stad: Auditorium Storen, Sogndal

Disputasleiar

Dekan Vegard Fusche Moe, Høgskulen på Vestlandet

Vurderingskomité

  • Førsteopponent: Senior Lecturer Julie McAdams, University of Glasgow
  • Andreopponent: Førsteamanuensis Arne Olav Nygard, Universitetet i Stavanger
  • Komitéleiar: Førsteamanuensis Sarah Hoem Iversen, Høgskulen på Vestlandet

Rettleiarar

  • Professor Jena Habegger-Conti, Høgskulen på Vestlandet
  • Førsteamanuensis Zoltan Varga, Høgskulen på Vestlandet