Programutvalet

Programutvalet for ph.d.-utdanninga Helse, funksjon og deltaking er eit rådgivande organ til dekanat i spørsmål som angår ph.d.-utdanninga.

Utvalet blir utnemd for fire år om gangen. Stipendiatrepresentant blir utnemd for to år.

Programutvalets myndigheit

Programutvalet har delegert myndigheit frå styret blant anna i disse enkeltsakene:

  • Godkjenne studieplan og emnebeskriving
  • Godkjenne opptak til ph.d.-utdanning
  • Godkjenne rettleiarar, prosjektbeskriving og framdriftsplan
  • Godkjenne opplæringsdel
  • Følgje opp framdrift for ph.d.-kandidatar som er tatt opp på studiet
  • Oppnevne ekstern representant i komité for midtveisevaluering
  • Initiere tiltak for å kvalitetssikre ph.d.-utdanninga
  • Motta og behandle søknad om å få avhandlinga bedømt
  • Innstille medlemmar til bedømmelseskomite overfor sentralt ph.d.-utval
  • Avgjere saker som angår den enkelte ph.d.-kandidat

Programutvalets medlemmar

Prodekan for forsking professor Alice Kvåle er leiar for utvalet.

  • Professor Marjolein Iversen (vara for leder)
  • Professor John Roger Andersen
  • Professor Oddvar Førland
  • Stipendiat: Ragnhild Alice Bjerk Steinsland
  • Vara: Professor Kari Dyregrov
  • Vara: Førsteamanuensis Roy Miodini Nilsen
  • Vara: Stipendiat Susanne Grødem Johnso

I tillegg stiller seniorkonsulent Rachel Berge (ph.d. koordinator) og professor Tobba Therkildsen Sudmann, fagansvarleg for PhD-studiet.

Møtedatoar 2020

  • 28. januar 2020
  • 17. mars 2020
  • 11. juni 2020
  • 19. august 2020
  • 14. oktober 2020
  • 9. desember 2020

Frist for saker som skal bli behandla i programutvalet: Seinast to veker før møtedato. Send e-post til Rachel Berge