Bli kjent med stipendiatane våre: Janne Sønnesyn

Janne Sønnesyn er stipendiat i norsk språk og språkdidaktikk hjå Studier av danning og didaktiske praksiser. Forskingsprosjektet hennar undersøker unge sine skriftspråksval med særleg fokus på nynorskbrukarar.

Fortel oss litt om deg sjølv.

– Eg kjem frå Indre Hafslo i Luster kommune, og etter å ha budd i Bergen i åtte år, flytta eg heim i 2015, då eg fekk jobb ved norskseksjonen på HVL-Sogndal (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane).

Kva studie- og arbeidsbakgrunn har du?

– Eg har teke mesteparten av utdanninga mi ved Universitetet i Bergen, der eg fullførte ein mastergrad i engelsk lingvistikk i 2011 og ein mastergrad i nordisk språk i 2013. Før eg byrja ved HVL-Sogndal, jobba eg litt som seminarleiar og førelesar ved Universitetet i Bergen, samt at eg hadde eit vikariat ved ein vidaregåande skule i Bergen.

Naturleg å velje fakultet si eiga forskarutdanning

Janne fortel at som stipendiat ved ein nyfusjonert høgskule var det eit naturleg val å velje fakultet si eiga forskarutdanning. - Sidan eg jobbar i lærarutdanninga, var det også greitt å søka seg til ei forskarutdanning som hadde eit didaktisk tilsnitt.

Forskar på unge sine skriftspråksval

Janne sin studie handlar om unge sine skriftspråksval og har særleg fokus på vilkårar for brukarar av nynorsk, som er det minst nytta av dei to norske skriftsspråka.

– Kvifor valte du å forske på dette?

– Forskingsprosjektet femner om tema knytt til mellom anna språkpolitikk, språkdidaktikk, språkideologiar og språkhaldningar, og prosjektet ligg difor i skjeringspunktet mellom fleire av dei faglege interessene mine. Dette var ein viktig årsak til at eg ynskte å jobba med akkurat dette, i tillegg til at dette var eit område der det var behov for meir kunnskap.

– Kva har du funne ut så langt?

– Eg har henta inn data gjennom spørjegransking og intervju med elevar i 10. klasse i tre kommunar. Til no i prosjektet har eg mellom anna undersøkt rolla som skulen og læraren spelar for dei skriftspråksvala som nynorskelevane i dei tre kommunane gjer, og funna herifrå peikar både i retning av at skriftspråksopplæringa på ungdomstrinnet føregår på ein usystematisk måte, samt at regulerings- og rettssituasjonen for denne opplæringa er noko utydeleg.

– Kva håper du forskinga di kan bidra med?

– Eg håpar forskinga mi kan bidra med meir kunnskap om det som påverkar språkval blant unge generelt, og blant nynorskbrukarar spesielt. Vonleg vil prosjektet også vera eit bidrag til å auka forståinga rundt både strukturelle og sosiale vilkår for mindre brukte språk.