Innovasjon og kvalitetsutvikling i offentleg tenesteyting og styring (IKO)

Det strategiske forskingsprogrammet IKO har sitt utspring i fagmiljøet rundt mastergradstudiet i organisasjon og leiing

Vi er tilknytta Institutt for samfunnsvitskap på campus Sogndal. 

Dei siste åra har innovasjon blitt eit viktig forskingstema innan offentleg sektor, der det å studere institusjonelle innovasjonar står sentralt. Kriteriet på ein innovasjon er at den etablerer nye sosiale praksisar. Slik praksisendring kan vere radikal i den forstand at den etablerer nye praksisar, reguleringar og tankesett som gjennomsyrer heile sektorar og samfunn. Frå nær fortid er New Public Management eit sentralt døme.

Studiet av institusjonelle innovasjonar i offentleg sektor må omfatte både overordna styringsformer og dei enkelte tenestene sitt arbeid med fornying og kvalitetsutvikling. I marknadssfæren utgjer forteneste og utvikling av lønsam verksemd eit avgjerande kriterium for kva som skal vurderast som ein vellykka innovasjon.

I institusjonelle kontekstar er slike evalueringar meir komplekse. Offentlege organisasjonar har ofte samansette mål, og ulike interessentgrupper kan ha ulike vurderingar av kor vidt ei endring også inneber ei forbetring. Denne kompleksiteten må vi ha med oss når vi skal studere endring og innovasjon i tenestene.

Vi rettar også merksemda mot dei trekka ved organisasjonane som gjer dei opne for fornying, i stand til å lære av andre og av eigne erfaringar, til å initiere forbetringsarbeid og lykkast med å gjennomføre endringar. I ei verd med raske endringar må vi studere kvalitet frå fleire sider, både den som gjeld kvaliteten på tenestene og den som gjeld kvalitet i form av fornyingsevne.

Innovasjon og kvalitet blir å forstå som komplementære innfallsvinklar til studiet av fornying i offentlege organisasjonar.

Mål og aktivitetar

  • Etablere kontaktpunkt mot den internasjonale forskingsfronten på institusjonelle innovasjonar og kvalitetsutvikling i offentleg sektor, og å knyte saman forskarar på tvers av campusane ved HVL som deler denne forskingsinteressa.

  • Etablere eit fagmiljø for kollegastøtte og fagkritisk verksemd. Det viktigaste verkemiddelet vil vere regelmessige faggruppemøte, der forskarar presenterer pågåande forsking og prosjektidear for fagfeller.

  • Medverke til å utvikle eit PhD-program i innovasjon, men også andre kurs og seniorstøtte til ferske forskarar.

  • Nå fram i konkurransen om eksterne og interne forskingsmidlar.

Publikasjonar