
handsam, 2025
Gjennom utstillinga "handsam" utforskar medlemmar i forskergruppa MaTecSus møte med materiale og inntrykk frå lokalmiljøet rundt Mjøsvågen på Osterøy. Utstillinga tek opp i seg relasjonar mellom natur og kultur, inspirert av lokale materialer, tradisjonar, kulturarv, industri og turisme.

handsam har vorte til gjennom eit tre dagars forskingsseminar i Den grøne fabrikken på Osterøy. Forskargruppa MaTecSus arbeider med materiale, teknologi og skapande prosessar. Gjennom kunstfagleg utforsking handsamar me ulike former for materiale innefor gjevne rammer, bestemt av fagfellesskap og ulik praksis.
Kuben som form og metafor har vore eit felles omdreingspunkt for denne utstillinga.
handsam tek med seg dei fysiske tolkingane våre frå Mjøsvågen.
Utstillinga inngår i ei rekkje ved visningsarenaer ved HVL .
Utstillinga åpnar kl. 14, torsdag 22. mai, 2025.
Stad: utanfor biblioteket på Kronstad.
Dato: frå 22. til 28. mai – Utstillinga er open frå kl 9 til kl 15
Rett før utstillingsopning:

Frå arbeid under seminaret i Den grøne fabrikken:
Arbeidene som utgjer handsam:
spatium
av Ingrid Skarprud
Jute, bomull og lin I og II
av Åse Kvalbein
Preg
av Katrine Tufta
Blomar, Spinnebinne, Puttekasse, Et lite stykke Norge og Trehytte
av Ingvard Bråten
svarte ord - kvite ord
av Arild Skarsfjord Berg
Tre ferdaminne
av Jon Hoem
floke, og funn
av Ann-Hege Lorvik Waterhouse
Flora
av Bente Helen Skjelbred
materialminne
av Gro Eide
iDentity
av Janne Robberstad