
PROCARD – Patient-Reported Outcomes in Cardiology
PROCARD forskingsgruppe er leiande innan forskingsbasert kunnskap og implementering av kompetanse som er tett på det kliniske fagfeltet kardiologisk sjukepleie.
Som forskingsgruppe kan vi også vise til ei breitt samansett plattform av nasjonalt og internasjonalt anerkjende forskarar som samarbeider tett i både prosjekt og i publikasjonar. Dette sikrar at forskinga er rota i kliniske dagsaktuelle problemstillingar og bidreg med publikasjonar av høg internasjonal kvalitet for å fremje Høgskulen på Vestlandet (HVL) som ein profesjons- og arbeidslivsretta forskingsinstitusjon.
PROCARD er ei forskingsgruppe som vart formelt oppretta hausten 2009, og vert leia av professor Tone M. Norekvål. Forskinga er knyttet til fylgjande hovedområde:
- Livskvalitet, eigenrapportert fysisk og psykisk helse, helsekompetanse, frailty (skrøpeligheit), søvn og delirium
- Pasientane si etterleving av livsstils- og behandlingsråd
- Tilfredsheit med bruk av, og samhandling mellom, helsetenestene
- Helsepersonells etterleving av lokale og internasjonale retningsliner
Vi undersøker korleis pasientane opplever behandling i både primær- og spesialisthelsetenesta, og årsakar til at behandlingsråd ikkje vert følgd. Fleirtalet av pasientar som vert diagnostisert med hjartesjukdom klarar ikkje å følge råda for å redusere alle dei kjente risikofaktorane ved hjartesjukdom. Vidare er det ein stor andel av pasientane som ikkje når behandlingsmål for fysisk aktivitet, røykeslutt, blodtrykksregulering eller kolesterolnivå. Årsakane til dette er mange og samansette.
Vi nyttar både kvalitativ og kvantitativ metode, data fra nasjonale kvalitetsregistre og gjennomfører store nasjonale og internasjonale kohortstudier for å undersøke korleis pasientane erfarer å gjennomgå akutt og kritisk sjukdom, samt korleis dei lever med sin hjartesjukdom. Vi utfører òg kunnskapsoppsummeringar og validerer verktøy for innhenting av pasientrapporterte data. Dette dannar grunnlag for intervensjonsstudiar for å teste ut tiltak til bruk i pasientbehandlinga.
Vidare arbeider vi for å betre ressursutnytting og samhandling, og evaluerer metodar for å redusere eit mogeleg gap mellom forsking og klinisk praksis. Ved å være tett på det kliniske fagfeltet sikrar vi at forskinga vår er rota i kliniske dagsaktuelle problemstillingar.
Utdanning
Master i klinisk sjukepleie – kardiologisk sjukepleie
Forskinga i gruppa er knytt opp mot Master i klinisk sykepleie – spesialisering i kardiologisk sykepleie.
Tilsette i forskingsgruppa koordinerer utdanninga, har emneansvar for alle emna og bidreg med kunnskapsbasert undervisning ved å integrere oppdatert forsking med undervisning.
Forskingsprosjekt
Pågåande prosjekt
- eHjerteRehab
Prosjektleiar: Tone M. Norekvål
Postdoc: Trond Røed Pettersen
Stipendiat: Kristin Johnsen Ramstad
Finansiering: Norges Forskningsråd, HelseVest, InnoMed - BECARES - Helse Bergen HF
- CARDELIR - Helse Bergen HF
- CONCARD - Helse Bergen HF
- DelirPrevent - Helse Bergen HF
- TELMON NOR - Helse Bergen HF
Forskingsgruppeleiar
Medlemmar
- Bengt Fridlund
- Nina Britt Fålun
- Nina Hjertvikrem
- Irene Instenes
- Oda Karin Nordfonn
- Trond Røed Pettersen
- Irene Valaker
- Sønneva Bergtun
- Irene Drotningsvik
- Astri Tafjord Frantzen
- Vilde Gloppestad
- Anne Åshild Herdlevær
- Isabel Lechner Krohn
- Daniel Madsen
- Lene Markhus
- Emma Mølmshaug Midthun
- Geir Atle Myrmoen
- Janne Nilsen
- Kaija Olsen
- Kristin Rykkje-Johannessen
- Eva Torsvik
- Elfrid Herre Staveland
Stipendiatar
Internasjonale samarbeidspartnarar
- Heather Allore, PhD, Yale School of Medicine
- Britt Borregaard, University of Southern Denmark
- Christi Deaton, University of Cambridge
- Heather Hadjistavropoulos, University of Regina
- Sandra Lauck, The University of British Columbia
- Phillip Moons, KU Leuven
- Pernille Palm, University of Copenhagen
- Trine Bernholdt Rasmussen, Copenhagen University Hospitals
- James Rudolph, Brown University
- David Thompson, Queen's University Belfast
- Ann Dorthe Olsen Zwisler, Copenhagen University
- Robyn Gallagher, University of Sydney
- Maria Bäck, Linköping University
- Anders Bostrøm, Jönköping University
- Dion Candelaria, The University of Sydney
- Kirsten Charlotte Hellmark, University of Southern Denmark
- Kristin Sandau, University of Minnesota
- Janet Vroomen-MacNeil, Amsterdam UMC
Nasjonale og regionale samarbeidspartnarar
- Kristin M. Aakre
- Inger-Lise Aksetøy
- Bjørn Bendz
- Leonora Bergsjø
- Cathrine Bjorvatn
- Eva Gerdts
- Marie TN Hayes
- Ingvild Hernar
- Jan Gunnar Hesthammer
- Torstein Hole
- Anita Isaksen
- Marjolein M. Iversen
- Jørund Langøren
- Alf Inge Larsen
- Tore Wentzel-Larsen
- Mona Lavik
- Christian Moltu
- John Munkhaugen
- Svein Rotevatn
- Cathrine Horn Sommersten
- Astrid Kloppstad Wahl