Robotikk

Vi forskar på robotikk og styring av bevegelse. Våre to viktigaste satsingsområder er samarbeid mellom menneske og robotar, og elastiske og fleksible mjuke robotar (soft robots) mot landbruk og fruktdyrking.

I menneske-robot samarbeid jobbar vi særskilt med korleis vi kan estimere bevegelse og intensjonar om bevegelse hos menneska som jobbar saman med robotane. Nærare bestemt ser vi på korleis vi kan styre interaksjonen mellom robotar og menneske slik at denne blir sikker og naturleg, og korleis vi kan lære nye operasjonar og samarbeid mellom robot og menneske utan å programmere alt frå starten.

Innan mjuk robotikk jobbar vi med korleis vi kan lage robotar med variabel elastisitet som kan plukke bringerbær og anna frukt/grønnsaker utan å skade produkta.
Vi jobbar og med korleis vi kan automatisere fleire oppgåver i produksjon og tenesteyting, og korleis menneske og automatiseringa kan spele på lag for å løyse nye oppgåver.

Vi jobbar tett saman med lokalt næringsliv for å dekke deira behov for meir automatisering og robotisering i sine bedrifter. Teknologien vi forskar på kan brukast både mot industri og næringsliv, men er og svært relevant for nye helsetenester og velferdsteknologi. Vi jobbar og tett saman med forskingsgruppa på Cyber-Physical Systems.

Pågåande forskingsprosjekt

  • The GummiArm - An Open-source Platform for Bio-Inspired Soft Arm Design