
Sakkunnige rapportar i barnevernets avgjerder
Dato: 29. oktober 2026
Tid: 09:00 - 15:30
Stad: F117, Hovedbygget, Høgskulen på Vestlandet campus Kronstad
Påmelding
Meld deg på konferansen herFrist for påmelding 15.10.2026
Om konferansen
Sakkunnige rapportar skal styrkje kvaliteten i avgjerdsgrunnlaget i ei barnevernssak. Kvaliteten i rapportane har lenge vore omdiskutert både i fagmiljø og i offentlegheita.
Dei siste fem åra har «Expert-reports»-prosjektet undersøkt korleis barnefagleg sakkunnige faktisk arbeider, korleis rapportane blir brukte, og korleis barnevernstenestene nyttar dei sakkunnige vurderingane. Gjennom analyse av 300 rapportar og intervju med barnevernstenester i Noreg, Sverige og England, har prosjektet avdekt viktige funn om barn sin medverknad, sakkunnige si kulturforståing og metodebruk, og nytteverdien av sakkunnige rapportar.
På sluttkonferansen presenterer vi resultat som har betydning for praksis, kvalitet og rettstryggleik i barnevernssaker.
Konferansen inviterer forskarar, fagfolk og praksisfeltet til breie diskusjonar om korleis vi kan styrkje det sakkunnige arbeidet framover.
Sjå resultata frå prosjektet
Les meir om prosjektet og deltakarane
Program
Program
| 09:30-10:00 | Registrering, mingling |
| 10:00-10:10 | Førsteamanuensis Svanaug Fjær Velkommen |
| 10:10-10:30 | Professor Hanne Cecilie Braarud, NORCE Presentasjon av prosjektet og hovedfunn frå Expert Reports |
|
10:30-11:15 |
Arbeidspakke 1: Rapportane fortel – om kulturperspektiv og barns deltaking PhD Polly Evans Mcginn Førsteamanuensis Tone Jørgensen |
| 11:15-11:30 | Beinstrekk og kaffi |
|
11:30-12:15
|
Innlegg ved professor Annika Melinder |
| 12:15-13:15 | Lunsj |
| 13:15-14:00 | Arbeidspakke 2: Barnevernet fortel – erfaringar med bruk av sakkunnige Førsteamanuensis Rakel Aasheim Greve Førsteamanuensis Vibeke Samsonsen Forskar 1 Øyvin Christiansen |
| 14:00-15:00 | Beinstrekk |
| 15:00-15:10 |
Kva kompetanse treng barnevernet og kva kan sakkunnige bidra med? |
Foredragsholdere