Fagdag 2025 - praksisrettleeing i barnevern- og sosionomutdanninga

Institutt for velferd og deltaking ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen, inviterer til fagdag for praksistilbydarar innan barnevernsfeltet.

Frist: 19. mars. Påmeldingen er nå stengt.

Det faglege fokuset vil være spesielt retta mot rettleiing av barnevern- og sosionomstudentar i praksis, og vi utforskar og diskuterer dei komplekse forventningane til og frå studentar og praksisfeltet, gode samtalar og nye perspektiv.


Velkomen til ein spennande fagdag!

Stønad for tilreisande

Arrangementet er eit samarbeid med Bufdir og det vert difor tilbydd inntil 2000 NOK i stønad til reise- og hotellutgiftar til eit avgrensa antal deltakarar som har lang reiseveg, og behov for å reise til Bergen dagen i forvegen. Det er ein eige deltakarkategori i påmeldingsskjema for dette.

Deltakarar bestiller sjølv reise og hotell. Vi oppmodar om å være tidleg ute med hotellbooking på grunn av stort press på Bergens-hotella i mai.

 


Fagseksjonsleiar
Institutt for velferd og deltaking
Rådgivar
Høgskulen på Vestlandet