Velkommen til KLæM 2026

14.-16. september 2026 arrangerer Høgskulen på Vestlandet årets konferanse for lærarutdannarar i matematikk.

Meld deg på konferansen her!

 

KLæM 2026 er den nasjonale møteplassen for lærarutdannarar i matematikk, og konferansen blir i år arrangert av institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet. Den finn stad i Sogndal, både på Campus og på Quality Hotel Sogndal.

Konferansen samlar forskarar og undervisarar til fagleg deling, nettverksbygging og diskusjonar om matematikkdidaktikken si rolle i samfunnet. Gjennom plenumsforedrag og parallellsesjonar blir søkelyset retta mot dagsaktuelle utfordringar og innovativ praksis som styrker kvaliteten i norsk lærarutdanning.

Program

Om konferansen

Send inn bidrag - frist 07.06

Ein heilt sentral del av konferansen er innlegg frå deltakarane. Vi inviterer difor deg som komande deltakar til KLæM 2026 til å senda inn ein framlegg til innlegg på parallellsesjonar. Det gjer du ved å senda inn eit samandrag som omtalar det du vil ta opp. Lengda på samandraget lyt vera på 200–500 ord og sendast som ei Word-fil. Før gjerne opp to til fem stikkord som fortel noko om kva du tek opp.

Forma på innlegget er opp til kvar einskild, men IMRoD-modellen (innleiing, metode, resultat og drøfting) kan vera eit greitt utgangspunkt både for samandraget og for sjølve innlegget.

For kvart innlegg set vi av 30 minutt, og vi tek utgangspunkt i at sjølve innlegget skal avgrensast til 20 minutt slik at det er rom for inntil 10 minutt til spørsmål og diskusjonar. Vi legg vidare opp til at det skal vera 5 minutt pause mellom kvart innlegg.

Fristen for å senda inn eit samandrag er 7. juni

Send bidraget ditt til denne e-postadressa: jonim@hvl.no

Merk at du også må melda deg på sjølve konferansen i tillegg.  

Praktisk informasjon

Konferansen vert halden på to lokasjonar. Måndag 14. og onsdag 16. september vil vi vera på HVL, Campus Sogndal. Tysdag 15. september vert tilbrakt på Quality Hotel Sogndal. Det vert middag og sosialt samvær både måndag og tysdag.

Transport

Det er mogleg å reisa både med buss, ekspressbåt og fly til Sogndal. Quality Hotel Sogndal ligg sentralt til, ved Sogndal skysstasjon og taxisentral. Frå hotellet er det gangavstand til Høgskulen på Vestlandet, som ligg ved Sogndalselvi. Det er parkeringsmoglegheiter på campus.

Overnatting
 
Vi har forhåndsbestilt rom på Quality Hotel Sogndal.
Booking gjer du sjølv ved å kontakte hotellet og oppgi vår referansekode: 
BK-05849.
 

Standard enkeltrom: kr 1690,-

Prisen gjeld ved bestilling innan 6. august, ved å oppgi referansekoden. Etter fristen gjeld ordinære prisar.

Påmelding – frist 16.08

For påmelding trykk på lenkja under, fyll ut påmeldingsskjemaet, og meld deg på! Stao no pao!

Meld deg på konferansen her!


Påmeldingsfrist 16. august. Ta kontakt med arrangementskomitèen om du har spørmål. 

 

Årets arrangementskomitè

bilde av Frode Olav Haara

Frode Olav Haara

Professor

bilde av Jon Ingulf Medbø

Jon Ingulf Medbø

Professor

bilde av Gunhild Skåsheim

Gunhild Skåsheim

Høgskulelektor