Undervegskonferansen 2018 – Forsking og utforsking
26. april 2018
NB! Du melder deg på verkstadene (workshops) i lenkene nedanfor.
Konferansen Undervegs er rotfesta i dei ulike lærarstudentane
sine utdanningar ved HVL, campus Stord. Han er den første i sitt slag i Noreg, og skal vere ein lærings- og formidlingsarena for forsking og utvikling (FoU) i
utdanningane.
Konferansen passar for lærarar, barnehagelærarar, studentar og andre interesserte. Årets konferanse er den 8. i rekka. Tittelen på programmet er «Forsking og utforsking». Forsking og utviklingsarbeid er ein viktig del av arbeidet i mange verksemder, og med det følger konferansar, der tilsette, studentar og samarbeidspartnarar frå praksisfeltet legg fram spennande utviklingsprosjekt, erfaringar, nye forskingsfunn eller drøftar ulike emne.
Me har invitert inn mange dyktige føredragshaldarar til å dele sin kompetanse innan fagfeltet undervising i grunnskule og barnehage.
Studentane vil gjennom dagen presentere mange spennande oppgåver og posters. I tillegg vil dubli kjend med doktorgradsstudentar og deira forsking, og sentrale samarbeidspartnarar i praksisfeltet.
Vel møtt til ein inspirerande dag!
Påmelding til verkstadane (workshop)
A: Robotkjøring i lokale læringslandskap.
Korleis kan me laga læringslandskap med og for elevane – og få ein robot til å kjøra i det!? Du prøver deg på programmering. Ansvarleg Anders Grov Nilsen.
Lenke til påmelding:
https://v.hvl.no/pameldingssystem/index.php?id=0000000163
Max: 20 deltakarar
B: Frå konsumentar til produsentar.
Korleis kan barn laga animasjon ved hjelp av iPad? Du får sjølv erfaring med å laga animasjon. Ansvarleg Katrine Borgenvik.
Lenke til påmelding:
https://v.hvl.no/pameldingssystem/index.php?id=0000000164
Max: 26 deltakarar
C: Koding ved hjelp av: LEGO® Education WeDo.
Norheim skole, elevar frå 7. trinn. Du får prøva ut eit opplegg som elevane har gjennomført i klassen sin. Ta med iPad.
Lenke til påmelding:
https://v.hvl.no/pameldingssystem/index.php?id=167
Max: 32 deltakarar
D: Nokon kjem til å koma. Skole og konsert – fra formidling til dialog (DiSko).
I verkstaden vil du arbeida konkret med eit musikkprosjekt med musikaren Endre Olsen og elevar og lærarar frå Rommetveit skule. DiSko-ansvarleg Kari Holdhus.
Lenke til påmelding:
https://v.hvl.no/pameldingssystem/index.php?id=0000000168
Max: 40 deltakarar
E: Stemmer, mangfold, kommunikasjon, og myndiggjøring.
Workshopen tar utgangspunkt i et masterprosjekt i dramapedagogikk og anvendt teater: «Stemmer fra innvandrerkvinner». Vi jobber fysisk med dramaøvelser og undersøker kommunikasjons-begrepet knyttet til lærerrollen i klasserommet. Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt.
Lenke til påmelding:
https://v.hvl.no/pameldingssystem/index.php?id=0000000169
Max: 42 deltakarar
F: Tinnstøyping: En praktisk-estetisk aktivitet der du lager former i sand og støper i tinn.
Ansvarlig: Kjetil Sømoe.
Lenke til påmelding:
https://v.hvl.no/pameldingssystem/index.php?id=0000000170
Max: 16 deltakarar