Repeat feira naturen saman med Sabima

Julien Vollering fortalte om funn frå Repeat til på Sabima-jubileum

Tjuetredje september markerte prosjektpartnar Sabima sitt 30 årsjubileum med festdag i Oslo. I programposten ‘Fagleg påfyll i Salongen’ fortalte Julien Vollering om interessante funn vi har gjort i Repeat, i føredraget «Å måle myra med vår egen alen ». I føredraget brukte han alen, det gamle målet som svarar til lengda av ein underarm, som eit ledemotiv for å binde saman dei ulike forskingsfunna. Julien argumenterte for at vår eigen ståstad i stor grad avgjer kva vi får auge på i myra. Han fortalte om korleis vi strever med å sjå  myras djupn i tillegg til arealet, med å fatte den tusen år lange utviklinga av myrene, og sist men ikkje minst; med å verdsette myra på ein måte som står seg. 

Julien fekk mange gode tilbakemeldingar på innlegget sitt. No ser vi fram til meir samarbeid med Sabima om formidling av resultat frå heile prosjektet!