
Repeat på BES-konferanse
Midt i julestria presenterte Repeat-forskarar sine funn på Europas største fagkonferanse i økologi.
British Ecological Society arrangerte sitt Annual meeting i Edinburgh 15.-18. desember 2025. Her møttest 1500 økologer og andre interesserte til interessante dagar fullpakka med føredrag, seminar og posterpresentasjonar. Vår vesle delegasjon fekk verdifulle innsikter i mange aktuelle spørsmål, og delte også eigne funn.
Katinka Vloon presenterte posteren Restoration of a boreal raised bog – does the state of the reference affect predicted time to recovery? Med utgangspunkt i ORBA-metoden, som predikerer tid til vellykka restaurering, viser ho at val av referansedata (historiske eller samtidige) påverkar prediksjonane. Ho finn også skilnad på utviklinga i ulike strukturar (myrtuer versus myrflater). Manuskriptet bak posteren blir ein del av avhandlinga som ho leverer i 2026.
Katinka Vloon presenterte ein sjeldan lang tidsserie (34 års data) frå den verna Rønnåsmyra. Her viser ho kor mykje val av referanse påverkar prediksjonar av restaureringssuksess, målt i tid til myrvegetasjonen er restaurert (Foto: Inger Auestad).
Knut Rydgren presenterte posteren Restoration of formerly afforested blanket bog: how long does vegetation recovery take? Denne studien predikerte at terrengdekkande myrer i Flow County i Skottland, som vart drenert i 15 år, vil trenge opptil 285 år på å få attende vegetasjonen som var der før drenering. Dette vekte oppsikt blant de britiske deltakarane, som hadde mange spørsmål og synspunkt.
Knut Rydgren og Inger Auestad framfor posteren til Knut. Han fekk mykje merksemd, både fordi studien var interessant, men også fordi mange deltakarar kjende til dei terrengdekkande myrene i UNESCO-området Flow County i Nord-Skottland. (Foto: Kyrre Groven)
Julien Vollering var ikkje med til Skottland, men bidrog med ein digital presentasjon som hadde tittelen Which ‘typical raised bogs’ in Norway can persist under a changed climate? Han har modellert utbredelsen av høgmyr i Norge under endra klima som ei støtte til framtidig forvaltning av naturtypen.
Repeat-medlemmane Inger Auestad og Stein Joar Hegland deltok òg fysisk på konferansen med innlegg som ikkje dreidde seg om resultat frå prosjektet vårt.
Edinburgh var ei flott ramme for konferansen, og det vart heldigvis tid til litt byvandring mellom slaga. Her poserer Katinka, Inger og Stein Joar framfor det flotte slottet som ruver over sentrum av byen. (Foto: Kyrre Groven)