FORTRESS prosjekt: Kickoff-workshop.
Hald av datoen! Påmeldinga opnar snart.
Velkommen til kickoff!
Kickoff-workshopen startar med mingling og lunsj før deltakarane får ei brei introduksjon til temaet frå ulike perspektiv, inkludert prosjektleiing, forvaltning, skognæring, turistnæring og forsking. Dagen helt fram med gruppearbeid og plenumsdiskusjonar, før han blir avrunda med konferansemiddag på kvelden. Neste dag blir planar for arbeidspakkene om snøskred, jordskred, skogskjøtsel, arealplan og utdanning presentert. Programmet blir avslutta med ein diskusjon og oppsummering, etterfølgt av ei felles befaring til feltovervåkingslokaliteten i Sogndal.
Praktisk informasjon
Høgskulen på Vestlandet
Det er mogleg å reise både med buss, ekspressbåt og fly til Sogndal. Høgskulen på Vestlandet ligg sentralt til ved Sogndalselvi, berre nokre få minuttars gange frå Sogndal sentrum. Det er parkeringsmoglegheiter på campus.
Deltakarane bestiller sjølve overnatting. Hotell som ligg nærast Høgskulen på Vestladet er Quality Hotel Sogndal og Best Western Lægreid Hotell, som begge har gangavstand til HVL.
Fortress
FORTRESS (FORTRESS – FOResT land use management for REsilient and Sustainable Societies) er eit NFR-finansiert kompetanse- og samarbeidsprosjekt mellom Norsk geoteknisk institutt (NGI), Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Bundesforschungszentrum für Wald (BfW) og Høgskulen på Vestlandet (HVL). I tillegg deltek private partnarar som Skogkurs AS, Skog Skred AS, Allskog, AT Skog, Glommen Mjøsen Skog, WoodWorks og Visit Jotunheimen hand i hand med offentlege partnarar som NVE, Landbruksdirektoratet, Statsforvaltaren i Vestland, i Innlandet og Trøndelag, samt Sogndal, Sunnfjord og Lom kommune.
Dette «skogslandslaget» har som mål å betre norsk skogforvaltning i bratte fjellsider ved å utvikle ei tilnærming som tek omsyn til skogen sin førebyggjande effekt mot naturfarar, den økonomiske tømmerverdien og økosystemtenester som biologisk mangfald og verdien for friluftsliv.
FORTRESS Prosjektside
