Invitasjon til dialog om teknologikompetanse i Sogn
Sognaregionen og Høgskulen på Vestlandet (HVL) ønskjer å invitere næringslivet i Sogn til eit møte om korleis HVL sine teknologistudium kan innrettast og leggast til rette for å møte kompetansebehova i regionen. Vi vil særleg rette merksemda mot elektroteknologi og informasjonsteknologi.
HVL har dei siste åra utvikla meir fleksible utdanningsmodellar som gjer det mogleg å kombinere utdanning med jobb. Dette gjeld mellom anna eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium i elektroteknologi i Førde.
Frå 2027 lanserer vi eit nytt studium i informasjonsteknologi, produktutvikling og teknologileiing i Førde, eit studium tilpassa nye krav til kunnskap og kompetanse i ei tid med meir KI-assistert systemutvikling. Det nye studiet er også innretta slik at det opnar for utvida praksisopphald i bedrift i siste studieår.
På møtet vil HVL informere om desse tilboda og invitere til dialog om framtidige kompetansebehov i næringslivet. Vi ønskjer å utforske korleis utdanningane kan bli relevante for verksemdene i Sogn, og kva moglegheiter som finst for samarbeid og tilrettelegging slik at fleire kan utvikle teknologikompetansen sin i Sogn.
Møtet finn stad 30. november kl. 10.00–11.30 i klasserommet Ålfoten i første etasje i Høgskulebygget.
Adresse: Røyrgata 6, 6856 Sogndal.