Disputas Allan Kevin Nganga
Den maritime sektoren har vorte stadig meir avhengig av samankopla digitale system for kritiske skipsfunksjonar. Sjølv om denne digitale omstillinga legg til rette for tryggare og meir berekraftig drift, har ho òg introdusert noko nytt, nemleg digital tryggleiksrisiko.
Eit framveksande problem er handtering av cyberhendingar ombord på fartøy. Dette inneber særskilde utfordringar samanlikna med landbaserte system, særleg fordi det er krevjande å følgje opp og handtere hendingar frå land når fartøy er til havs.
I si avhandling undersøkjer Allan Kevin Nganga korleis omgrep frå situasjonsforståing kan brukast for å betre kommunikasjonen mellom skip og Maritime Security Operations Centres (M-SOC) under handtering av cyberhendingar.
Les meir om avhandlinga i denne lenka
Personalia
Prøveforelesing og disputas
Tittel på prøveforelesing: "What does experience in industries with similar environments to maritime tell us about the success factors in an M-SOC? Is there research/data/anecdotal evidence that indicates an M-SOC would improve the cyber resilience of the sector?"
Prøveforelesning klokka 9.00 i Auditorium B, Høgskulen på Vestlandet, campus Haugesund
Forsvar av avhandlinga klokka 10.30 i Auditorium B
Lenke til Zoom: https://hvl.zoom.us/j/61845624436?pwd=67bceATGKQi4WzPBobPSOyueIxFa0c.1&from=addon
Meeting ID: 618 4562 4436. Passcode: 325189
Mottaking hos Rederiforeningen omlag klokka 15.00.
Komite
- Associate Professor Kimberly Tam, University of Plymouth, UK
- Professor Stephen McCombie, NHL Stenden University of Applied Sciences Leeuwarden, Netherlands
- Associate Professor Vedrana Jez, HV (komitéleiar)
Rettleiarar
Associate Professor Joel Scanlan, HVL (hovudrettleiar)
Professor Margareta Lützhöft, HVL and
Associate Professor Steven Mallam, USN