Ensomhet hos barn og unge - Bokslepp
Sogndal, Biblioteket
Kan ein vere åleine utan å kjenne seg einsam?
Særleg barn og unge kan føle at det er eit tabu å vere einsam, trass i at einsemd er ei normal kjensle som alle kan kjenne på gjennom livet.
For elevar kan einsemd påverke læring, sosiale relasjonar og psykisk helse, noko som kan skape store utfordringar. Samstundes kan det vere vanskeleg å snakke om einsemd. Korleis kan vi endre på dette?
Dosent Kirsten Helen Flaten utforskar dette temaet i den nye boka si, Ensomhet hos barn og unge, der ho òg viser korleis lærarar og andre kan bidra til å bryte tabuet.
Kirsten presenterer boka i samtale med førstelektor Sigrid Bøyum.
Velkomen til bokslepp på biblioteket! Ta gjerne matpakka med, vi byr på sjokolade, kaffi og te!
