EXPO Bergen

Campus Bergen, K1 (hovudbygget), foajéen
Time icon
Når:10. juni   10:00
Varer til: 15:30
Legg til i min kalender

Kvart år strøymer hunderevis av nyutdanna ingeniørar og teknologar ut dørene ved Høgskulen på Vestlandet. Har du lyst til å møte dei og sjå kva dei har skrive oppgåver om?

10. juni stiller studentane ut bacheloroppgåvene sine ved campus Bergen. EXPO byr på spennande utstillingar, plakatar og presentasjonar av det studentane har jobba med i løpet av året.  

Kven møter du?

På EXPO møter du mellom anna nyutdanna maskiningeniørar, byggingeniørar, kjemiingeniørar, dataingeniørar, elektroingeniørar, energiingeniørar, bioingeniørar, mariningeniørar og mange fleire. Her er det mykje kompetanse å finne for di bedrift!

På slutten av dagen blir dei beste utstillarane kåra og premiert. 

Arrangementet er ope for alle interesserte. 

Velkommen!

Program 

  • 10:00: Opning ved dekan Jens Kristian Fosse

  • 10:05: Informasjon ved juryleiar

  • 10:10: Utstillinga opnar for publikum og jury

  • 11:30: Gratis lunsj for utstillarane

  • 14:30: Kake

  • 15:00: Prisutdeling

  • 15.30: Takk for i dag!

Er du student og skal stille ut under EXPO? Her finn du nyttig informasjon.