Faglunsj: Eg angrar på at eg las så mykje! - det nokon aldri sa
Sogndal, Biblioteket
«Alle» ynskjer å lese meir, men så får vi det kanskje ikkje heilt til likevel. Kva kan vere årsakene til vi ikkje les så mykje som vi eigentleg ynskjer? Og er det noko vi kan gjere for å finne att både lesegleda og leseuthaldet?
Britt Iren Nordeide, førstelektor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, vil på denne faglunsjen kome inn på nokre moglege årsaker til at vi les mindre, og vise nokre forslag til vegar inn til meir lesing. Kanskje er det også slik at utsiktene ikkje er så mørke som vi har trudd?