Faglunsj: Noreg til fotball-VM - kva tyder det for breiddefotballen?

Sogndal, Biblioteket
Time icon
Når:28. mai   11:30
Varer til: 12:10
Legg til i min kalender

Fotball-VM nærmar seg, og heile nasjonen gler seg til å sjå Haaland & co. vise seg fram i USA!

Kan det gi ringverknader for breiddefotballen at landslaget etter 28 år har lukkast i å kvalifisere seg til VM?

Kva rolle har Sogndal spela med tanke på landslagsspelarar, historisk sett?

Og korleis er det eigentleg å vere landslagsspelar i eit fotball-VM?

Vi tek tempen på VM-stemninga med ein panelsamtale som handlar om fotbadl!

I panelet har vi instituttleiar Frode Fretland, førstelektor Einar Ylvisåker, førstelektor Joar Fossøy, den særs fotballkyndige, tidlegare lærar/journalist Jon Navarsete, og frå Sogndal fotball og tidlegare landslagsspelar Håvard Flo.

Velkomen til Faglunsj på biblioteket! Ta gjerne matpakka med, så byr vi på sjokolade, kaffi og te!